Kultur | 28. aug. 2011

Populært på Peppes

Med godt over 100 tilskodarar rocka haustbluesen i gang igjen på Peppes fredag.

Populært på Peppes
Andris Hamresøndag 28. aug. 2011 07:58

Osøren Blues & Jazzfestival har i samarbeid med Peppes invitert til blues i restauranten kvar haust og vår det siste året. Fredag starta haustens arrangementsserie opp med tre rockabilly-karar frå Voss.

Sjå klipp frå Twang Gang på Peppes.

- Vi må vel kunne seie dette har blitt ein suksess, smilte Tore Lekve i Osøren Blues & Jazzfestival medan han såg utover dei vel 100 musikkglade gjestene som hadde tatt vegen.

- Med den gode temperaturen og opphaldsvêr har vi kunne nytte utserveringa, noko som gjer at det ikkje blir så trangt inne, forklarte Lekve.

Musikalsk vikar

Vossabandet Twang Gang har fleire gonger vore med på bluesfestivalen, gjerne då på cruisa med Midthordaland.

- Vi har òg vore med Midthordaland til Stavanger på Glad Mat-festivalen, men no er det lenge sidan vi har spelt for osingane, fortalte vokalist Erlend Styve før dei gjekk på.

Med seg på scena hadde han Bjørne Møen på trommer og Yngve Norendal på bass.

- Eg er berre vikar for anledninga, forklarar Norendal litt forsiktig.

- Du må få med at han er den musikalske av oss, fleipar Møen når bassisten freistar å dra ned forventningane til sin eigen innsats.

400 spelejobbar

Twang Gang byrjar etterkvart å bli et veletablert band i blues og rockabilly-krinsar med 11 år på baken.

- Vi har vel passert 400 spelejobbar frå Alta i nord til Arendal i sør, mest naturleg nok på Vest- og Austlandet, fortel vokalisten.

Korleis er det å spele på ei så intim scene som her på Peppes?

- Det er utruleg kjekt. Det blir lettare å få kontakt med publikum enn på litt større stader, forklarar Styve.

Siste fredagen i månaden

Haustprogrammet for bluesen er no spikra. Den siste fredagen i kvar månad kjem eit nytt band på scene på Peppes. Nokre av dei har vi sett tidlegare på Peppes, andre er nye kjennskap.

30. september - Yngve & His Boogie Legs
28. oktober - MMY
25. november - Nobody's Business
17. desember - Parchman Farm Stompers

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.