F.v.: Terje Søviknes (Frp), Marie Lunde Bruarøy (H) og Glenn Erik Haugland (V). (Arkivfoto: KVB)

Posisjonen sitt budsjettframlegg

9 mill. meir til oppvekst og kultur: Fremskrittspartiet, Høgre og Venstre med stort løft til neste generasjon.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I møte i Os formannskap tysdag var det tid for å kommentera rådmannen sitt budsjettframlegg og økonomiplan for perioden 2019-2022, og eventuelt å fremja sitt eige.

Før trekløveret Frp, Høgre og Venstre la fram sitt forslag hadde formannskapet allereie fått høyra Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne sine framlegg.

– Ein god situasjon

På vegne av dei tre partia var det orførar Terje Søviknes (Frp) som tok formannskapet gjennom framlegget.

Koalisjonen legg rådmannen sitt framlegg av 30. oktober til grunn for deira framlegg, og byrjar med å oppsummera den økonomiske situasjonen for Os kommune. God vekst i næringslivet, auke i folktetalet saman med god budsjettkontroll er årsakar dei tre partia ser på som gjeldande for den økonomiske situasjonen Os kommune no er i.

Samarbeidsklimaet mellom administrasjon, tillitsvalde og tilsette får òg sin del av «skulda» for det som vert skildra som ein suksess.

Dei tre partia vel òg å stilla seg bak rådmannens fire overordna fokusområde; klima og miljø, folkehelse, tidleg innsats og førebygging og redusert barnefattigdom.

Vinnaren

Lista over endringar som budsjettkameratane ønskjer å endra i rådmannes budsjett tel mange punkt. Men som ordførar Søviknes sjølv sa det:

– Budsjettvinnaren er oppvekst og kultur-området med ei auke i nettoramma på 9.350.000.

Posisjonspartia foreslår blant anna å bruka 3,7 millionar til turngrop og ferdigstilling av ledig areal i ny dobbelhall på Kuventræ, areal som blant anna kan bli nytt lokale for kampsport. Dei vil òg laga lysløype av strandvegen og betra parkeringskapasiteten ved turområde, blant anna for dei som går til Lyshorn.

Dette fordeler seg slik:
700.000 til Meistringsteamet - kvart år i perioden.
1.000.000 til Kreative fag Os-skulane - kvart år i perioden
600.000 til uteområde på Os barneskule
250.000 til ungdom i Os-tiltak - auka til 500.000 kvart år i 2020-2022.
1.000.000 til lysløype Strandvegen
3.700.000 til turngrop og ekstraareal Os Idrettspark
2.000.000 til fond parkeringsplassar friluftliv/tur
100.000 til sjøsettingsrampe Lysefjorden/Buena.
5 millionar ekstra til Helse og omsorg og reduksjon på Fellesområdet

Nettoramma til området helse og sosial:
400.000 til ernæringsfysiolog - auka til 800.000 kvart år i 2020-2022. (Overføring frå SIO-prosjektet)
500.000 til utgreiing kjøkken/restaurant Luranetunet.
500.000 til Leve hele livet-reformen. (Overføring frå SIO-prosjektet).

Pluss og minus i fellesutgifter:
4.000.000 årleg ser budsjettmakarane føre seg å henta inn frå avsetning lønsoppgjer dekkja av SIO-prosjektet.
100.000 kroner skal setjast av til eit turistinfo-tilbod i 2019, likt det Os hadde i sommar.

Dette gjer at Fellesområdet vert redusert med 3.900.000 i høve til rådmannens budsjett.

For feltet samfunnsutvikling ønskjer dei tre partia å nytta 200.000 på å betra vasstilførsla til Os hamn. Det er òg konsensus om å halda fram med Liv På Øyro - no i versjon 2.

Verbalforslag

Frp, Høgre og Venstre er uroa over sjukefråværet i Os kommune. Dei ber rådmannen vurdera ein ekstern gjennomgang av nærværsarbeidet i kommunen, og sjå på mogelege tiltak.

Ei kartlegging/brukarundersøking for næringslivet er òg etterlyst i form av vebalforslag.

Dei to siste verbalforslaga går på rett yting i NAV-systemet og vidareutvikling av eit meir formalisert samarbeid mellom Nav, kommune og lokalt næringsliv.

• På oskommune.no kan du lasta ned og lesa heile budsjettframlegget til Frp/H/V.

Fleire saker