Positiv nærkontakt
Mange småbarnsfamiliar fann vegen til open gard på Stall Nytræ søndag.


Trass i regnvêr og seriestart i Oshallen var det godt oppmøte då Stall Nytræ hadde open gard søndag.
– Nokre av gjestane var barnehageungar som går her fast, som ville visa dyra til foreldre og besteforeldre, men det var flest nye ansikt å sjå, seier Anne Lill Nytræ.
Fire gongar i året
To barnehagar i Os besøker garden fast annakvar veke, fire andre barnehagar kjem kvar veke.
– Open gard er eit arrangement vi tar to gongar om våren og to om hausten. Det har kome nokre ønskje om hyppigare frekvens, men førebels er dette det vi har kapasitet til.
Nok ein gris
Hos Stall Nytræ kan du ri på hest og helsa på grisen Otto, geitene Ole, Dole og Doffen og møta kaniner, marsvin og høner.
– Otto har fått ei ny venninne, vi har kjøpt ein gris til av same sort, fortel Anne Lill og held vesle Dolly fram for fotografen.
Stall Nytræ er godt tilrettelagt for besøk, med benkar og bord i ombygd silo og eit stort utval av dyr som ungane kan koma tett på.
Det er førebels ikkje bestemt dato for neste gong garden blir opna, men tilbodet blir annonsert i Midtsiden sin kulturkalender (som du finn på framsida av Midtsiden.no).