Prakteksemplar avslørt av Pyro
Oppdaga på Urørt, testa på Søfteland og gjennombrot i etterkant - Kvelertak blei av Pyro på P3 avslørt som neste band på årets plakat til Rock N LOL.
I ein konkurranse på NRK P3-programmet Pyro var det fleire som hadde tippa både Immortal, Turboneger og Satyricon som band som var aktuelle for årets Rock N LOL-festival, to av dei som tippa Kvelertak, Jens-Erik Aasmundseth og Melissa Bjaanesøy, vann kvar sine festivalpass.
Kvelertak føyer seg inn i lista over band som har blitt hyra til Søfteland Rock N LOL før folk flest veit kven dei er, for i etterkant å få gjennombrotet sitt.
Stavangerbanden, som utelukkande syng på norsk, blei starta i 2007 og blei gradvis kjent hos rockeinteresserte via NRK Urørt.
• I 2009 deltok dei på Bylarm, der dei blei plukka ut til å spela på Roskilde i forkant av festivalen på Søfteland.
• På tampen av 2009 blei dei nominert som Årets Urørt 2010 med låta "Ordsmedar av rang".
• I juni 2010 kom dei med det sjølvtitulerte debutalbumet.
• Dei vann to spellemannsprisar for albumet (rock og nykomar).
• I februar 2011 fekk dei Statoil-stipendet på 1 million kroner under Bylarm.
Bandet har sidan turnert blant anna i Asia og Europa. Andrealbumet kjem til hausten.
– Dei hadde ein fantastisk konsert her fredagen i 2009, ein kveld der vi blei utselt og måtte bruka armband frå i fjor, ein kveld der dei sto på plakaten saman med blant andre Lars Vaular og John Olav Nilsen og Gjengen, fortel Andreas Lindborg.
– Vi hadde ein prat med bandet i fjor og dei sa dei var veldig interesserte i å koma tilbake. Dei hadde ei flott oppleving her sist og vi er glade for at det klaffa for dei i år.
Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL