Benedikte Arentzen frå Hagavik Hjemmebakeri saman med Mats Cato Moldskred og Endre Brenne frå Os Fotball. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Presisjon, lidenskap og jubel

– Sjekk den brødposen! seier modell og måljeger Mats Cato på lansering av Os Fotball-brødet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I mai blei det kjent at Os Fotball får eige brød, bakt av initiativtakar Hagavik Hjemmebakeri, selt av sponsor Rema 1000 Kuven stasjon.

Som del av 10-årsfeiringa til butikken, der blant anna Stavangerkameratene stilte opp, har Os Fotball i dag lansering av brødet.

– Vi har tatt inn 800 brød til i dag og bestilt 800 til i morgon. Folk får brødet til kanonpris desse dagane, så får vi håpa det smaker, og at tiltaket kan gje auka inntekt til klubben. Som sponsor er det kjekt å vera med på eit prosjekt som dette, seier Trond Hope.

Fin respons

Snipremiere var under Eat Move Sleep i juni.

– Då var tilbakemeldingane veldig gode! fortel konditor Benedikte Arentzen, dottera til mannen med ideen, Hjemmebakeri-gründer Arne Arentzen.

– Far var på Brann-kamp og var veldig entusiastisk då han kom tilbake. Han var imponert over stemninga og engasjementet til publikum, og fekk lyst å gjera noko for lokalfotballen.

Delar av inntekta frå salet av brødet går til Os Fotball.

Stolt av etiketten

Tidlegare OBOS-liga-spelar Mats Cato Moldskred er denne sesongen tilbake i moderklubben, både som spelar og som tilsett i klubben.

Tidlegare lagkamerat, Ørjan Håland, har tatt foto og design av brødposen. På posen figurerer Mats Cato saman med toppskårar på Os sitt damelag, Vy Nguyen og supesupporter Tore Kleppe.

– Ørjan har gjort ein god jobb, men eg er mest nøgd med Tore Kleppe sin positur! Denne brødposen roper jo «løp og kjøp»! synest Mats Cato.

Men brødposen bør ikkje kastast, den fungerer som eit lodd du kan vinna premie på.

– Dei som tar med brødpose på heimekamp er med i trekning av premie, fortel dagleg leiar Endre Brenne.

Neste heimekamp, den første etter sommarferien, er førstkomande søndag. Kampen går mot Fyllingsdalen 2, det einaste laget som vann over Os i vårsesongen.

Fleire saker