Lokal | 01. okt. 2015

Pris til Asylbarna

Osingen Benjamin Langeland har foto og klipp på kortdokumentaren «Farida», første episode i ein komande serie på VGTV.

Pris til Asylbarna
I juli var Benjamin Langeland i Kabul. (Privat foto/Flimmer Film)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. okt. 2015 08:56

Tysda, under filmfestivalen BIFF i Bergen, blei Asylbarna: Farida kåra til beste kortdokumentar.

Flimmer Film, med regissør Ragnhild Sørheim og Christer Fasmer, produsent Thorvald Nilsen og Benjamin Langeland på foto og klipp, blei tildelt 10.000 kroner. Prispengane blei gjeven av oppdragsgjevar for filmen, VGTV.

– Det kjentes ambivalent å sitja der og skåla på Røkeriet når hovudpersonen Farida ikkje har sett den, ho lever på ein måte framleis i filmen. Men det var godt å få merksemd for dokumentaren, kanskje det fører til at fleire ser den når den kjem ut, seier Benjamin.

Han kallar kollegaen Christer for ein gudfar i prosjektet, ein idé som i Flimmer Film er eit lidenskapsprosjekt, og som av Fasmer blei selt inn til VGTV som ein serie.

– Med denne serien ønskjer vi å gje barna ei stemme.

I Kabul i sommar

Farida kom til Noreg då ho var 4 år gamal. I februar, då ho var 9, blei ho og foreldra kasta ut av landet, til Afghanistan.

– Det har blitt fleire bomturar i dette prosjektet, vi har ingen garanti for at vi får møta dei vi vil møta når vi reiser ut.

– Men vi var ei veke i Kabul i sommar, og då møtte vi Farida og foreldra. Dei må leva i skjul grunna trugslar frå familien.

– Farida har aldri vore i Afghanistan før og kjenner seg naturlegvis knytt til Noreg. Men ho er ei ressurssterk jente, blant dei flinkaste elevane på skulen heime i Noreg, og viser i så ung alder ei imponerande ansvarskjensle ovanfor foreldra og situasjonen dei er i.

Langeland seier dei ikkje vil teikna eit portrett av Afghanistan som eit forferdeleg land, men heller visa det som har med tilknyting å gjera, kvar ungane meiner dei høyrer til.

– Farida må ta omsyn og uroa seg over ting born skal få sleppa å uroa seg for.

Klipper neste episode

Filmen om Farida har vore vist på BIFF under festivalen, men har førebels ikkje vore på VGTV.

Fire episodar er bestilt og Langeland sit no med klipping på episode to.

– Vi har vore i Tyrkia og møtt ei jente frå Iran som kort tid etter at ho blei kasta ut av Noreg er på flukt igjen.

.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.