Sport | 17. mars 2012

Pris til Håkon og Egil

Det blei prisutdeling då juniorlaget til Os oppsummerte fjorårssesongen.

Pris til Håkon og Egil
Håkon Fagerbakke Kvittingen (t.v.) og Egil Thuen fekk kvar sine prisar for innsatsen i 2011. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 17. mars 2012 08:25

Os-spelarane som var junior i 2011 har hatt samling og oppsummert 2011-sesongen.

Tim Henrik Sperrevik, som no er A-lagstrenar, styrte juniorlaget store delar av fjoråret, og fortel at det blei delt ut to prisar.

– Vi gav pris til årets spelar og til årets mest framgangsrike spelar, fortel Tim Henrik Sperrevik.

Årets spelar: Håkon Fagerbakke Kvittingen (fødd i januar 1994)

– Håkon er ein som alltid leverer, på trening og i kamp, han yter 100 prosent og er ein mønsterelev. Sjølv om han er stille og roleg som type er han ein du rett og slett ikkje vil møta i kamp, han er ein flittig terrier, meiner Sperrevik.

Årets mest framgangsrike spelar: Egil Thuen (fødd i juli 1995)

– Egil var frå før eit heilt spesielt talent. Han er eksplosiv, rask og sikker med ball. Gjev du han ein halvmeter så er han forbi deg og slepp du han til skot så skyt han hardt. Og han skyt like hardt og godt med begge bein.

– I fjor blei eit overgangsår for Egil, med auka treningsmengd. Men den takla han veldig bra.

I år har både Håkon og Egil hatt bra med speletid i treningskampar for A-laget.

Fleire juniorspelarar var faste i A-troppen i fjor. På denne samlinga var det hovudfokus på dei som spelte mest juniorfotball.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.