Næringsliv | 10. juli 2018

Prisane stig mest i Bjørnafjorden

Nye Bjørnafjorden kommune har hatt den største prisveksten på bustader i vår.

Prisane stig mest i Bjørnafjorden
Eigedomsprisane i Os og Fusa har stige med 4,5 prosent i vår (foto: Privatmegleren Vikøyr & Brandt)
Andris Hamretirsdag 10. juli 2018 07:50

Den siste regionsrapporten frå Eiendom Norge syner at bustadprisene har stege over heile Vestlandet dei siste tre månadane, men mest stig dei i Os og Fusa kommuner.

Bustadprisane i nye Bjørnafjorden kommune har hatt ein vekst i vår på 4,5 prosent i følgje rapporten. Til samanlikning har Bergen sentrum hatt ein vekst på 3,0 prosent.

– Eg trur dette i hovudsak skuldast forventningane til den nye vegen mellom Os og Bergen, seier regionsleiar Kurt F. Buck i Eiendomsmelger 1 til BT som først omtalte saka.

Opp i Bjørnafjorden, ned i Bergen

Bjørnafjorden kommune kan vise til ein vekst på 2,3 prosent dei siste 12 månadane. Samstundes har prisene i Bergen sunket noko.

– Dette skjer stort sett alle stader kor det kjem vesentleg forbedring av infrastrukturen. Vi såg det same då Bybanen kom i Bergen. Og forventningane til den nye vegen har vart ei stund, seier Buck.

Les også Midtsiden sin eigen spaltist, Espen Hjertholm, si vurdering av marknaden i Os i juni og første halvår av 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.