Næringsliv | 11. jan. 2010

Prislapp: 15 millionar

2000 mål på Tøsdal skal seljast. Eigedomen inkluderer fleire hus og driftsbygningar, jakt- og fiskerett.

Prislapp: 15 millionar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. jan. 2010 09:41

- Dette er den største privateigde eigedomen som har vore for sal i Os på lang tid, seier eigedomsmeglar Arild Vikøyr frå Privatmegleren på Os.

I helga blei eigedomen lagt ut for sal, med bustad frå 1977 verdt 4 millionar kroner, nyoppussa gardshus, fleire driftsbygningar - og nesten 2.200 mål inn- og utmark.

- Gardshuset har vore leigd ut, det same har innmarka og store delar av driftsbygningane. I tillegg høyrer det attraktive fiskerettar i Oselvo til eigedomen. Det er fint mogleg å tena mellom 800.000 og 1 million kroner i året berre på utleige, fortel Vikøyr.

- Kva type interessentar ser du for deg?

- Folk som vil driva gard, eller som har godt med pengar og vil driva med hest. Eiedomen er unik, med vatn, elv, fjell, skog og innmark.

Den nyare bustaden kans skiljast ut medan gardshuset høyrer til resten av eigedomen. Det er driftsplikt på garden og dei 2000 måla er regulert som LNF-område.

Eigedomen ligg på nordsida av vegen innanfor brua på Tøsdal.
Her kan du sjå heile annonsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.