Lokal | 07. sep. 2011

Privat eller offentleg omsorg?

LESARINNLEGG, Olav Søfteland (Ap): Eldreomsorg, privat eller offentleg drift?

Privat eller offentleg omsorg?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. sep. 2011 21:13

Os Arbeidarparti vil at alle kommunale kjerneoppgåver skal utførast i kommunal og ikkje privat regi. Kvifor? Er ikkje dei private bedriftene og deira arbeidstakarar gode nok?

Mykje arbeid i dette landet blir utført av private bedrifter. Offentlege verksemder kjøper tenester frå private, og private bedrifter kjøper tenester frå kvarandre avhengig av kompetanse og lønsemd. Høg kompetanse krev eit spesialisert arbeidsliv og då er det vanskeleg å klara alt sjølv.
Ei kvar bedrift har sine kjerneoppgåver, og dei utfører dei i hovudsak sjølve.

For kommunane er eldreomsorga ei så viktig oppgåve at ein må kalla det ei kjerneoppgåve. Kommunen må kunna eldreomsorg, og då må kommunen også utføra eldreomsorg.

Men kvifor gjera alt sjølv? Er ikkje konkurranse viktig? Jau, konkurranse kan vera nyttig dersom konkurransevilkåra er like og det er råd å måla kven som er best.

Eg har tiltru til at dei offentleg og privat tilsette arbeider like hardt og samvitsfullt.

Eg har også tiltru til at offentleg og privat leiarskap er like god, og at dei orienterer seg for å finna ut kva som er mest effektiv, forsvarleg og god drift. Det er også ei form for konkurranse. Vi har riktignok sett ein del stygge eksempel på brot på arbeidsmiljølova og uforsvarleg drift. Det har visstnok dessverre også skjedd i offentleg drift. Slike brot kan ikkje aksepterast.

I eldreomsorga vil det i hovudsak vera løn, pensjonar, den tid ein brukar til omsorg, og det økonomiske overskotet eigarane av ei bedrift vil ha, som vil skilja konkurrentane. Arbeidarpartiet meiner at løn og pensjonar for dei tilsette og den tid som må brukast for å gje dei som treng omsorg og menneskeleg varme i det daglege og i sorg og glede, ikkje må bli avgjerande i ein konkurranse som skal gje eigarane eit større økonomisk overskot enn nødvendig.

Eldreomsorg er ikkje ei produksjonsbedrift og passar ikkje å bli sett ut på anbod slik ein gjer for reine produksjonsprosessar. Derfor må eldreomsorga skje i kommunal regi og av organisasjonar som har omsorg som primærmål, ikkje økonomisk gevinst.

Olav Søfteland
Listekandidat for Os Arbeidarparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.