Politi | 08. nov. 2022
Promillekontroll i Hamnevegen
Politiet stilte seg nær Vinmonopolet igjen.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 08. nov. 2022 08:15
Måndag klokka 09.45 hadde politiet promillekontroll i Os sentrum.
Kontrollen var i Hamnevegen, der dei sjølv tidlegare hadde kontor, og der Vinmonopolet framleis har butikk.
– 30 trafikantar blei kontrollert. Vi fann ikkje noko å reagera på, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.
Også i august hadde dei kontroll i same terreng.