Lokal | 24. jan. 2017

Prosessen i gang

Kommunereforma: Os og Fusa møttest til felles formannskapsmøte for å staka ut kursen vidare.

Prosessen i gang
Konst. rådmann Paul Manger (Os), ordførar i Os Marie Bruarøy (H), ordførar i Fusa Atle Kvåle (Ap) og konst. rådmann Elisabeth Farstad (Fusa) leia møtet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 24. jan. 2017 14:31

Tysdag samla formannskapa, supplert med gruppeleiarar og leiarar av ulike politiske utval, samt administrasjon og tillitsvalde i Os og Fusa kommunar seg i Symrasalen på Nore Neset Aktivitetshus for å oppdatera kvarandre på ståa i dei to kommunane og for å staka ut vegen vidare.

– Det blir litt administrasjonen sin dag i dag, men eg håper vi kan bruka dagen til å bli litt kjend med kvarandre, innleia Marie Bruarøy (H), ordførar i Os før både ho og ordførarkollega i Fusa, Atle Kvåle (Ap) var innom analogien til truloving og ekteskap.

– Vi skal visa kvarandre raushet og respekt. Det ar vi er likeverdige partnarar blir veldig viktig. Det er tatt godt i vare så lang og det skal vi nok greia vidare òg. Men vi skal ikkje undervurdera kultur og identiten når vi skal byggja noko nytt saman, sa Kvåle, som hadde med boka «Gasta greie» som ei lita helsing til nyvalde ordførar og varaordførar i Os.

Stor skilnad

For å gje den andre kommunen, og då spesielt politikarane, eit innblikk i ståa presenterte dei to konstituerte rådmenna, Elisabeth Farstad (Fusa) og Paul Manger (Os), tal og fakta om si kommune, godt supplert av einingsleiarar og kommunalsjefar.

– Fusa har ei netto driftsramme på 233 millionar kroner, kor 37% går til pleie- og omsorgsområdet. Investeringsplanen syner behov for investeringar på 205 millionar kroner i perioda 2017-2020. Av dette vil 108 millionar vera sjølvfinasiert og lånebehovet på omlag 97 millionar kroner, forklarte Farstad, som drog fram ein aldrande befolkning, store etterslep på bygningsvedlikehald og høgre driftsutgifter til administrasjon og pleie/omsorg, samanlikna med andre kommunar i kommunegruppe 2, som dei største utfordringane.

Manger fekk på si side hjelp av økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas til å dra dei store linene for Os med ei driftsramme på vel 780 millionar og eit investeringsbehov på 1,6 milliardar kroner i økonomiplanperioden.

– Grunna det statlege finansieringsprosjektet for omsorgstenster (SIO) har staten trekt ut nesten 246 millionar kroner frå rammetilskotet til Os kommune for 2017.

– Budsjettframlegget for 2017 tenkjer langsiktig. Vi skal sikra gode velferdstenester også i 2020 og åra etter. Det bunner i to ting. Vi ser nokre skyar i horisonten også har vi eit dyptpløyande ønskje om aldri å komma i ein kuttsituasjon igjen. Vi har i rimeleg grad ein slik situasjon i dag, fortalde Kaalaas før ho presenterte auka kostnader med å ta i bruk Lurantunet fullt ut, avslutning av SIO-prosjektet andre halvdel av 2019 og aukande kapitalkostander som nokre av dei mørke skyene i horisonten.

Åtte kartleggingsgrupper

Sjølv om vedtak om samanslåing ikkje fattast før i juni av stortinget, så legg dei to kommunane opp til ei framdrift med høg aktivitet og tempo, mellom anna med åtte grupper som skal kartlegga tenestene i dei to kommunane innan 3. april, men med ein statusrapport allereie 1. mars.

– Desse kartleggingsgruppene er oppveksttenester, helse- og omsorgstenster, økonomi, tekniske tenester inklusive VVA og prosjekt, samferdsle og transport, næringsliv, arealplanlegging med byggjesak, plan, kart/matrikkel, miljø og klima og Administrasjon/arkiv/stabstenester. Arbeidet i gruppene med undergrupper skal resultera i eit notat der ein gjer opp status for området og utfordringane i dag. Det vi er ute etter er eit faktagrunnlag for det arbeidet som skal gjerast fram mot kommunesamanslåinga, forklarte Paul Manger.

Ein vil òg starta opp ulike pilotprosjekt på områder kor ein trur ein vil lukkast relativt raskt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.