Lokal | 06. mars 2020

Prøvde å haika med makt

Politiet rykte ut med store styrker til Os i morgontimane.

Prøvde å haika med makt
Politiet rykte ut med fleire patruljar til Byvegen i natt. Her er ein tidlegare aksjon. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. mars 2020 06:09

Fredag klokka 05.46 fekk Midtsiden melding om fire politipatruljar på veg frå Bergen mot Os. Så møtte innringar ein femte bil.

Utrykkinga gjekk til ein mann som dreiv offensiv haiking på Byvegen.

– Mannen stoppa bilane og prøvde så å ta seg inn i køyretøya, fortel politiet via Twitter.

Han blei pågripen.

– Vedkomande framsto som svært rusa, og var ikkje i stand til å avgi forklaring. Han er plassert i arresten inntil vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.