Sport | 10. okt. 2011

Prøver seg i Danmark

I førre veke fekk han beskjed om at han ikkje får ny kontrakt i Brann, denne veka er Bjarte Haugsdal i trening med Superliga-laget AGF.

Prøver seg i Danmark
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. okt. 2011 09:32

I juni skåra osingen Bjarte Haugsdal sitt første Tippeliga-mål då han sette inn 2-0 mot Sogndal. Bjarte blei kåra til banens beste Brann-spelar og håpet om meir speletid auka. Men sånn gjekk det ikkje.

– Det har kome nye spelarar til klubben og Brann har brukt desse og andre framfor meg. Eg sjølvsagt skuffa for at ikkje Brann vil ha meg vidare, men det er samstundes usikkert om det ville vore lurt av meg å takka ja om dei kom med tilbod, seier Bjarte til Midtsiden.

Søndag reiste han til Århus i Danmark for å trena med Superliga-laget AGF.

Tre år i Brann

Haugsdal gjekk frå Os til Brann i 2009 og fekk debuten sin i siste serierunde, på heimebane mot Rosenborg.

I 2010 blei det litt speletid i starten av sesongen, men frå hausten var han på utlån til Løv-Ham for å erstatta ein annan osing, Mats Cato Moldskred.

Blanke ark

I dag klokka 10 skal Bjarte Haugsdal på trening med AGF for første gong. AGF rykte opp frå nest høgaste nivå etter førre sesong og ligg på 3. plass i Superligaen etter 11 spelte kampar.

– Eg blei gjort merksam på Bjarte Haugsdal av min venn Stig Lillejord og vi har valt å sjå nærmare på han denne veka her, seier sportssjef Brian Steen Nielsen til agffodbold.dk.

– Eg er spent på nivået og eg synes det er kjekt å få ei evaluering av nokon som ikkje kjenner meg frå før. Det blir som å starta med blanke ark, seier Bjarte.

Kan bli noregsmeister

Denne veka har AGF sitt reservelag kamp mot FC Midtjylland sitt andrelag. Der er det mogleg at Bjarte får spela.

Elles håper den unge osingen også på å få spela meir for Brann før sesongen er over. Ikkje minst heng cupfinalen mot Ålesund høgt på ønskjelista.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.