Sport | 11. jan. 2011

Prøver seg på ny kvalik

Øystein Engevik blåste vekk i Skottland. No prøver han seg i Asia.

Prøver seg på ny kvalik
Andris Hamretirsdag 11. jan. 2011 20:53

Onsdag går Øystein Engevik ut på den første av fire rundar i kvalifiseringa til Asia-touren. Då han prøvde å kvalifisera seg til Europatouren i Skottland i haust blåste det så mykje at han ikkje klarte kvalifiseringa.

- Kvalifiseringa er delt opp i to steg, kor den første startar 12. januar og går over fire rundar, fortel Øystein Engevik i ein e-post til Midtsiden.no.

Første steget går på Springfield golfklubb i Hua Hin i Thailand.

Tre veker i varmen
For å førebu seg til kvalifiseringa reiste han til Thailand 1. juledag og har no hatt om lag tre veker med trening i varmen.

Med seg som treningspartnar og caddy har Engevik fått med seg tidligare juniornoregsmeister Andreas Hagan.

- Vi har hatt eit fint samarbeid i forkant av turneringa og eg gler med til fortsettinga, seier Engevik.

- Det er eit tøft felt eg møter, men eg har tru på eigne ferdigheitar og er optimistisk.

Team Engevik
Tida heime i Noreg har Engevik brukt til å skaffa sponsorar og etablere Team Engevik.

- Eg har fått laga ei profesjonell heimeside, eigen logo og fått struktur på Team Engevik som gjer det mogleg å drive som profesjonell golfar.

Engevik går ut kl 10.20 (lokal tid) på den første runda saman med Toshiyuki Umebayashi og Sandy Mitchell.

Du kan følgja Øystein på sida til Asiatouren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.