Lokal | 28. mai 2019

– Publikum må respektera skiltinga

Gravearbeid i Kolabakkane vert utfordra av fotgjengarar som tek seg forbi sperringane.

– Publikum må respektera skiltinga
Trass i skilt og gjerde held folk fram med å nytta denne gangevegen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 28. mai 2019 10:24

Bildeserie:

Allereie ved Vognhallen kjem den første beskjeden. (Foto: KOG)
Allereie ved Vognhallen kjem den første beskjeden. (Foto: KOG)
Det same om du kjem frå Midtskogvegen. (Foto: KOG)
Det same om du kjem frå Midtskogvegen. (Foto: KOG)
Og eitt til om du missar det første. (Foto: KOG)
Og eitt til om du missar det første. (Foto: KOG)
Os kommune håpar dei slepp publikum inne blant desse maskinene. (Foto: KOG)
Os kommune håpar dei slepp publikum inne blant desse maskinene. (Foto: KOG)
Prosjektingeniør i Os kommune, Lene Nordstrønen oppmodar publikum å respektera skilt og sperringingar. (Foto: KOG)
Prosjektingeniør i Os kommune, Lene Nordstrønen oppmodar publikum å respektera skilt og sperringingar. (Foto: KOG)
Gravearbeidet vil pågå i store delar av 2019. (Foto: KOG)
Gravearbeidet vil pågå i store delar av 2019. (Foto: KOG)
1 av 6

Os kommune er i gang med å skifta ut vass- og avløpsleidningane i Kolabakkane. Arbeidet blir utført av entreprenøren Vassbakk og Stol AS.

Jobben må gjerast, ettersom vassleidningane i Kolabakkane er av asbest-sement, og er mykje utsatt for brot. Overvatnet og avløpet går i same leidning, noko som fører til unødig mykje rensing.

Det blir no lagt separate røyr for overvatn og avløp, slik at kommunen i framtida slepp å rensa regn- og overflatevatnet.

Gravearbeidet er omfattande, og blir gjennomført frå no og fram til desember, bit for bit.

Utfordra av publikum som trassar skilt og sperringar

Prosjektingeniør i Os kommune, Lene Nordstrønen, fortel at det allereie har vore skilta at gangvegen vert stengt i fleire veker. Eit eige infoskriv frå entreprenøren til bebuarane i Kolabakkane er òg sendt ut.

Arbeidet byrja sist veke, og alt no er det ei utfordring at fotgjengarar tek seg forbi graveområdet.

– Førebels er berre asfalten fjerna, men snart er det eit fleire meter djupt hol i vegen. Dersom folk held fram med å trassa skiltinga, er det farleg både for dei sjølve og for dei som jobbar der, seier Nordstrønen.

Borna er flinke - vaksne turgåarar må leggja om vanane sine

Nordstrønen fortel at dei opplev at bebuarane i området allereie har lagt om vanane sine.

– Her må vi få skryta av ungane som til vanleg nyttar denne gangvegen. Dei respekterer skiltinga og sperringane, og nyttar no dei to alternativa som går opp via Stegen eller om Mobergsvikjo.

– Men kven er det som tek seg forbi skilt, sperringar og byggjerde?

– Vaksne turgåarar er dei vi gang på gang ser inne på anleggsområdet. Dei nyttar nok ikkje gangvegen til dagleg, men det er urovekkjande at dei vel å ta seg forbi dei tydelege sperringane vi har satt opp. Det er òg tydeleg skilta kor du alternativt kan gå, seier Nordstrønen.

Arbeidet må gjerast, men kan bli forseinka av forstyrringane

Nordstrønen håpar no at entrepenøren kan få gjera jobben utan å måtte bekymra seg for at publikum tek seg inn på området.

– Kan det vera aktuelt med yttarlegare tiltak for å forhindra at publikum tek seg inn på anleggsområdet?

– Det håpar eg ikkje vert naudsynt, men vi i Os kommune har jamnleg kontakt med entrepenøren som gjer jobben. Om dei ser at problemet held fram, kan dette vera med å forseinka heile prosjektet.

– Til sjuande og sist handlar dette om publikum sin tryggleik. Samstundes må dei som har dette som sin arbeidsplass måtte sleppa å bekymra seg for at folk tek seg inn og vert skada, avsluttar Nordstrønen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.