Sport | 08. nov. 2009

Pulja er komen

Sørlandet erstatta av Austlandet: Slik blir Os si 2. divisjonsavdeling i 2010.

Pulja er komen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. nov. 2009 00:36

Avdelingane for neste års 2. divisjon er førebels ikkje offentleggjort , men fleire klubbar skal ha blitt orientert om avdelingsinndelinga laurdag.

I 2007 og 2008 var det lag frå Rogaland og Agder-fylka Os og dei andre 2. divisjonsklubbane frå Hordaland kjempa mot. I 2010, når Os gjer comeback i divisjonen, møter dei verken Vard Haugesund, Randaberg eller Ålgård i serien.

Os møter blant anna Notodden, Førde, Vålerenga 2 og Stabæk 2 neste år.

- Dette blir stas! Eg synes det er spenstig av forbundet å ikkje berre kjøra Vestlandet for seg, men å prøva litt nye samansettingar, seier Os-trenar Frank Hellevik på telefon frå velfortent ferie på Gran Canaria.

Notodden rykte ned frå Adeccoligaen i haust, Førde og Bislett-klubben Frigg gjorde som Os, rykte opp frå 3. divisjon.

- Å spela på Telenor Arena, og mot alle desse andre Oslo-klubbane, gjer Os til ein god samarbeidspartnar for bedrifter som vil marknadsføra seg på Austlandet, meiner Hellevik.

Han trur også at spelestilen på Austlandet kjem til å passa både eigne spelarar og Os-publikummet godt.

- Vi kjem i ei gruppe som sportsleg er veldig spennande. Generelt er det ein spelande og ballbesittande stil på Austlandet, det passar oss godt, og bør bli underhaldande for publikum.

- Eg trur også det blir stas for osingane når vi får besøk av alt frå Vålerenga 2 til eks. Adecco-klubben Notodden, seier ein nøgd Frank Hellevik.

Fleire motstandarar over fjellet treng ikkje å bety høgare reiseutgifter for Os Turn Fotball. Nytt sidan sist Os var i 2. divisjon er nemleg gratis flyreiser med SAS til alle kampar.

Slik blir 2. divisjonspulja til Os i 2010:
Asker (3. plass i 2009)
Bærum
Fana
Frigg (rykte opp hausten 2009)
Førde (rykte opp hausten 2009)
Kjelsås
Notodden (rykte ned hausten 2009)
Manglerud Star
Nest Sotra
Os (rykte opp hausten 2009)
Stabæk 2 (4. plass i 2009)
Stord (rykte opp hausten 2008)
Vålerenga 2
Åsane (4. plass i 2009)

Vil du sjå korleis alle 2. divisjonslaga gjorde det i år?
Tabell, 2. div. avd. 1 (Vålerenga 2)
Tabell, 2. div. avd. 2 (ingen frå Os si komande avdeling)
Tabell, 2. div. avd. 3 (klubbane frå Hordaland)
Tabell, 2. div. avd. 4 (Oslo-klubbane)


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.