Puljevinnarar!
Jentelaget til Os vann pulja utan å sleppa inn mål, og er klare for 32-delsfinale onsdag. Gutane kjempar framleis om vidare spel i Norway Cup.


Jentelaget til Os har vune turneringar før, både Sognefjord Cup, Åsane Cup (2 gongar) og Sting Cup. I fjor var dei med i Sandefjord Cup, der dei fekk 3. plass, og no har dei hatt ein god start på Norway Cup.
Med tre lag i pulja var 2-0-sigeren over Sykkylven måndag ein god start. Klokka 8 tysdag morgon var det andre og siste kamp, også oppgjeret med Ovehalla enda 2-0, og Os går vidare som puljevinnar.
Jentelaget frå Lysekloster går det ikkje like bra med. Dei tapte for både Træff og Lørenskog i går, med god margin, og møter Eidanger i siste puljekamp i dag.
Gutane kjempar
Gutelaga til Os fekk ikkje så god start. Laget som spelar 11ar tapte 0-5 for Mandalskameratene og spelte 1-1 i ein spennande kamp mot Åsa i går. I denne kampen skal Os ha hatt 10-1 i målsjansar, men klarte ikkje ta poeng.
Med 1-6 i målforskjell bør dei slå Nordstrand 3 med mange mål, samstundes som Åsa bør tapa stort for MK, om Os skal bli puljetoar.
Gutelaget som spelar 7ar vann 6-1 over Sparbu i første, men tapte 1-4 for Brønnøysund i går og 0-1 for Stranda i dag. Dermed blir det B-sluttspel på 7ar-laget til Os.
Os kan møta Os
Førstelaget til juniorane har berre to motstandarar i pulja, og med 6-0 i første kamp blir dei truleg puljevinnar uansett kven som vinn i kveldens kamp mot Furuset. Furuset klarte nemleg berre 2-1 over Abildsø.
Meir spennande er det med Os 2, som vann første 2-1 sundag, men tapte 0-1 for Rælingen i går.
- Vi hadde sjansane og spelet, medan dei skåra på éin av to sjansar. Rælingen har gjort det svakt i serien, men hadde med seg sju spelarar som elles spelar på seniornivå. Gutane våre blei nok overraska i starten, men leverte veldig bra, seier Leif Gunnar Borgen.
Ein god Rælingen-keeper fanga både eit langskot og Daniel Vevatne sitt godt plasserte skot, då han var åleine med keeperen, då då enda det med tap.
Mykje står ope i denne pulja, men Os 2 bør slå Kurdistan i kveld for å koma vidare.
Blir dei puljetoar og må spela 32-delsfinalen møter dei Os 1 i 16-delsfinalen, om Os 1 blir puljevinnar, noko dei ser ut til å bli.