Kultur | 15. feb. 2011

PULS til Os

PULS drar ut på ein miniturné, og heimbygda til bandmedlem Signe Berge, Os, er blant stoppestadane.

PULS til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. feb. 2011 20:26

- Dette blir ein salmekonsert utanom det vanlege, seier medlemmane i PULS.

PULS er ei nystarta bergensgruppe med medlemmar busett i Bergen, men med bakgrunn frå fleire plassar i landet. Ein av medlemmane, cellist Signe Berge, er frå Os.

- Det blir ein miniturné til helga, med konsert på Huglo, Horneland og avslutting på Os, fortel Signe.

-Salmetekstane og melodiane, fleire av dei er århundre gamle, har fått det vi kan kalla ei ny og spennande musikalsk drakt, seier ho.

Dei andre bandmedlemmane supplerer:

- Vi har eit ønskje om både å formidla og å gjera tilgjengeleg for nye generasjonar, i tillegg til å la dei av oss som har litt lenger fartstid i livet, få gjenoppdaga desse gode gamle låtane.

- Noko vi har jobba med er å underbyggja innhaldet i tekstane gjennom nye arrangement, utan å framandgjera dei ovanfor dei som kjenner songene frå før. Målet vårt er å laga ei konsertoppleving som passar for alle, for unge så vel som for gamle - og det trur vi at vi skal lukkast med!

Konserten i Os blir halden i Os kyrkje sundag klokka 17.30.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.