Sport | 11. mai 2010

Putta til slutt

Søre Neset fekk det tøft på heimebane mot Trane, men klarte å ta sin fjerde strake siger på overtid.

Putta til slutt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. mai 2010 10:37

Bildeserie:

1 av 10

Søre Neset har full pott etter fire rundar i årets serie. Måndag spelte dei som venta ein jamn kamp mot Trane.

- Eg har vore litt rundt og sett andre kampar i avdelinga, og venta bra motstand i går. I tillegg stilte Trane med eit styrka lag med fleire spelarar eg ikkje har sett i aksjon før, seier Søre Neset-trenar Morten Øvrebø.

Søre Neset vann 2-1 (1-1) etter skåring på overtid.

- Trane fekk oss litt ut av stilen, vi var dårlege på det vi plar vera gode på, spel langs bakken, så det blei ein litt rotete kamp.

Henriksen og Kinden skåra
Søre Neset tok leiinga 1-0 ved Kjetil Henriksen i 10. minutt. Trane brente straffe i 16. minutt, men utlikna på eit skot som skifta retning i ein Trane-spelar i 19. minutt.

Frå midten av 1. omgang til siste halvdel av 2. omgang var kampen jamn.

- Men vi sto på til dommaren blåste og skapte mest i sluttminutta, seier Øvrebø nøgd.

Tore Kinden, som kom innpå i 2. omgang, fekk eit par sjansar å velja i, men valte å skåra på den siste, 2,5 minutt på overtid.

La om
Då Tore kom inn la Søre Neset om frå 4-3-3 til 4-4-2. Med suksess. Niklas Linde, som kom innpå kort tid etterpå, ser ut til å koma rakst tilbake i form etter å ha vore fleire månadar på reise. Saman med Kinden skapte han mykje.

- Vi har framleis ein del spelarar ute med skade, som Ørjan Håland, Robin Hjertnes og Espen Halhjem. Men heldigvis har vi ein del gode erstattarar på enkelte plassar, som av og til må starta på benken, men som kan koma inn og avgjera jamne kampar, seier Øvrebø.

Vil i 4. divisjon
Neset har ambisjonar om opprykk i år, og ligg førebels bra an. Søre Neset ligg på 2. plass på tabellen med 12 av 12 poeng, mot Krabbetor med 15 av 15.

Neste kamp går på bortebane mot Vadmyra 2, medan neste heimekamp er måndag 31. mai (kl 19.00) mot Nordnes.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.