Sport | 11. aug. 2011

Puttar på AMFI

Bjørnefjorden Golfklubb er i støtet, og stiller med tre spelarar, stand og konkurransar for å gjera torsdagen super på senteret.

Puttar på AMFI
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. aug. 2011 12:03

AMFi Os har i dag sin første supertorsdag etter ferien, med aktiviteter for dei yngste, langope og sporty innslag av Bjørnefjorden Golfklubb.

Golfklubben, som i helga fekk sin første noregsmeister i Solveig Helgesen, stiller med tre spelarar på stand.

– Vi får besøk av Cecilie Langeland Olsen, Nathalie Engeseth og Gjermund Engelsen, seier senterleiar Christer Danielsen.

Hos golfarane kan du prøva å putta, der beste resultat av 5 forsøk blir notert, og der du kan vinna golfkurs.

– Premien, som du også kan vinna på trekning av golfball med rett nummer på, er eit VTG-kurs (vegen til golf). Det blir også mogleg å melda seg på kurs til rabattert pris, seier Danielsen.

Midtsiden samleside: Golf

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.