Sport | 28. okt. 2009

Qi-gong-meister til Os

Er du interessert i alternativ medisin, helse eller kampsport bør du vurdera å stilla på Os Gymnas til helga.

Qi-gong-meister til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. okt. 2009 11:42

- Eg har invitert Shen Jin frå Shanghai til å halda kurs og trening på Os. Ho er ei av verdas fremste ekspertar på kinesiske helseøvingar. For 30 år sidan var ho den yngste kvinnelege qi gong-meisteren i historia, og ho har trent dagleg sidan ho var 9 år, fortel Cato Bruarøy.

Bruarøy har trent kampkunst i 26 år, og har reist rundt i Europa for å trene med ulike instruktører dei siste åra 20 åra.

- Dette er det desidert kraftigste systemet eg har prøvd nokon gong. Dei seks siste åra har eg reist fleire gongar i året til England, Belgia og Nederland for å trena med Shen Jin og far hennar. Det er kjekt at ho no kjem til Os for å halda kurs, sier han.

Shen Jins far, Dr. Shen Honxun, er utdanna lege både i vestleg og kinesisk medisin, og har arbeidd som sjukehusdirektør og direktør for eit farmasøytisk selskap i Kina. Han kom til Europa for å undervisa doktorgradsstudentar i Italia og Belgia.

Også han har trent taiji og qi gong frå han var liten, og har utvikla eigne teorier som har resultert i helseøvingar (qi gong) og terapeutsystem. Teorien er mellom anna at rett trening kan gje same effekt som ein kraftig akupunkturbehandling, styrkja ryggen og reversera stressplager.

- Som karateinstruktør synes eg det er interessant å trena eit system basert på kampkunst, men som kun handlar om helse. Eg synes også det er interessant at systemet er utvikla og forbetra av nokon som har legeutdanning og erfaring frå vestleg medisin. Det gjev ein seriøsitet og ein forståeleg forklaringsmodell, seier Bruarøy.

Helseøvingane som blir undervist på Os til helga heiter ”E-mei Daoyin”, og har aldri blitt undervist i Norge tidlegare.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.