Rådalskrysset godkjent
SV gjorde eit forsøk i å stoppa ny veg mellom Os og Bergen, men det som var siste lokale del av planarbeidet med E39 Svegatjørn-Rådal. rådalskrysset, blei godkjent av bystyret i Bergen.
– Det var ikkje eit overraskande vedtak, men eit viktig vedtak, seier ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp), om bystyret i Bergen si avgjerd i møte onsdag i førre veke.
Les òg: Byrådet tilrår planen
Tina Åsgård (SV) kom med følgjande alternative forslag til innstilling:
«Reguleringsplanen avvises. Av hensyn til natur,miljø- og klimamessige forhold realiseres ikke bygging av ny E39 mellom Bergen og Os. Isteden prioriteres kollektivtransport, gang/sykkelvei og trafikksikkerhetstiltak på eksisterende vegforbindelse mellom Bergen og Os.»
Forslaget fekk 6 stemmer (SV+R+MDG) og falt.
– Vedtaket var viktig for neste ledd, som er andre del av kvalitetssikringa, KS2, eit arbeid som ikkje startar før alt av reguleringsplanar er godkjente.
Det er varsla at nye trafikkprognosar skal koma i første halvdel av oktober, desse skal inn i KS2.
– No er resten opp til Staten. KS2 kjem til å pågå framover for å bli klar til endeleg vedtak i stortinget våren 2013, seier Søviknes.
Les òg: Likevel oppstart i 2013?