Sport | 11. juni 2016

Rafael og damene

Rafael Villén, som i år overtok som trenar for Os/Nore Neset sitt damelag, rundar i morgon av vårsesongen med heimekamp mot Askøy.

Rafael og damene
Delar av damelaget på trening onsdag. Rafael til høgre, Kjetil og oppmann Tore til venstre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. juni 2016 08:20

– Ofte kjem dei beste ideane litt seint, sa Endre Brenne då han i desember i fjor, i jakt på ny trenar til Os/Nore Neset sitt damelag, kom på å ringa sin spanske lagkamerat Rafael Villén Villén.

Herrelaget til Os har framleis ikkje tapt med Rafael på banen, men han er òg tilsett i andre oppgåver i klubben, ikkje minst som instruktør på fotballfritidsordninga. Spanjolen takka ja til å trena damene.

Auka stall

– Då eg kom i vinter var det berre 7-8 spelarar på trening, men vi samarbeidde med jenter 17 så vi blei mange nok. Etterkvart som det nærma seg vår og seriestart blei vi heldigvis fleire, fortel Rafael.

Den nye trenaren blei raskt populær i gruppa. «Han er så snill», seier damene.

Med seg til å leia laget har han oppmann gjennom mange år, Tore Nøss, og hjelpetrenar Kjetil Lyssand Lindbom, som trente den gode 98-årgangen då dei var jentespelarar.

Fokus på teknikk og fysisk form

Rafael starta med å forklara fotballfilosofien han ville at dei skulle ha i laget, våga å halda i ballen, spela saman og ha det kjekt.

– Det var òg viktig å koma i god fysisk form, så vi har lagt vekt på å ha god intensitet på treningsøktene.

– Eg synest dei har jobba veldig godt og ser framsteg frå veke til veke. Jentene har utvikla seg fint, dei er i god form og dei har fått betre teknikk.

To jentespelarar, Jorunn Dalland og Michelle Gassmann, som òg spelte med damene i fjor, er fast i stallen. Damene har òg hatt med seg spelarar frå dei to J17-laga i trening og kamp.

Håper på siger før sommarferien

Os/Nore Neset starta med uavgjort 1-1 mot Bjarg i serieopninga. Så kom tre tap før dei vann to kampar på rad.

I førre runde blei det tap på bortebane for Rosendal, i morgon (kl 18) tar dei imot Askøy, som ligg to plassar over på tabellen.

– Eg reknar med ein kamp full av energi, mot eit godt lag, men eg er sikker på at viss vi jobbar hardt så har vi eigenskapane som skal til for å vinna i morgon, seier Rafael.

TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.