Rafael Villén Villén skal både spela for Os og trena damelaget i klubben i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Rafael overtar Os sitt damelag

Damelaget til Os får spansk instruksjon neste sesong, A-lagsspelar Rafael Villén Villén blir hovudtrenar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os Fotball er nøgd med endeleg å ha fått på plass trenar til damelaget.

– Ofte kjem dei beste ideane litt seint, seier Endre Brenne, spelar og tilsett i administrasjonen i klubben.

Han har hatt mange namn på blokka, men ikkje fått noko på plass før han brått kom på å jakta nærmare reiret.

– Rafael skal uansett gjera ein jobb for klubben, ved sidan av å vera spelar og å instruera ungane på FFO. Vi hadde tenkt å bruka Rafael på gutesida, men samtidig treng vi gode krefter inn til damelaget.

– Då eg ringte fekk eg ein veldig positiv respons.

«O' really? I'd love to do that!» skal han ha sagt då Brenne ringte han torsdag kveld.

– Fin type og god pedagog

Rafael Villén Villén (25) er ein av dei tre utanlandske spelarane som i sommar styrka stallen og var med på å gjera Os til den beste laget i avdelinga denne hausten.

Han hadde erfaring frå instruksjon på fotballskular i Spania før han kom til Os, men sto utan formell trenarutdanning.

– Rafael viste seg tidleg som ein fin type, utadvendt og hyggeleg. Han har vore fantastisk med ungane på FFO, som til og med har fått læra seg litt spansk, og eg trur han vil gjera ein veldig god jobb med damelaget.

Villén overtar etter Rune Balland, som kjempa om opprykk med damene til det sto få rundar igjen. Balland blir verande i klubben og skal vera del av trenarteamet rundt nyoppretta Os 3.

Rafael får med seg Tore Nøss, spelar Linda Johansen og tidlegare jente-trenar Kjetil Lyssand Lindbom til å leia damelaget.

 

 

Fleire saker