Lokal | 24. sep. 2012

Råkøyring i Dalen

Mann i BMW heldt på å køyre ned barnevogn, og vil bli meldt. – Syklistar som vil hemna seg, meiner passasjer.

Råkøyring i Dalen
Hegglandsdalsvegen (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 24. sep. 2012 13:20

Laurdag formiddag fekk politiet melding om ein gul BMW som køyrde hasard i Hegglandsdalen.

- Bilen skal ha heldt på å køyra ned nokre fotgjengarar med barnevogn.

- Innringar fortel at dei vil melda saka. Vi kjem difor til å følgje den opp, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Bilføraren blei ikkje tatt laurdag.

– Heilt feil

Ein som seier han var passasjer i den aktuelle BMW-en denne dagen seier det ikkje var snakk om barnevogn eller høg fart.

– Vi stoppa ved nokre syklistar som sykla 4-5 i breidda. Vi spørte om ikkje dei heller kunne halda seg på gang- og sykkelstien, fortel han.

Innringaren rekna med det er irriterte syklistar som har meldt om villmannskøyringa for å hemna seg, og brukt barnevog for å få sympati hos politiet.

Minigris på ville vegar

Laurdag fekk politiet òg melding om ein minigris som var på rømmen i Lysefjorden.

- Der fekk etterkvart eigaren tak i grisen, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.