Lokal | 06. nov. 2020

Rammar Oseana, konfirmasjonar, fotball og serveringsbransjen

Skjerpa, lokale krav i møte med næringslivet i dag.

Rammar Oseana, konfirmasjonar, fotball og serveringsbransjen
Kommunedirektør Fotland og rådgjevar Hamre leia møtet og svarte på spørsmål. (Teams)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. nov. 2020 12:58

Torsdag kom regjeringa med skjerpa anbefalingar og reglar, torsdag ettermiddag følgde Bjørnafjorden kommune opp med første runde av lokale anbefalingar, noko skjerpa samanlikna med dei nasjonale, i samband med den høge smitta i Bergen.

Bjørnafjorden kommune held på å forma lokal forskrift. Denne skal vera lik for Bergen og sju omliggande kommunar, inkludert Bjørnafjorden, og skal orienterast om i ekstraordinært møte i formannskapet klokka 17 fredag ettermiddag.

Nokre av dei nye, lokale tiltaka blei orientert om i videomøte med næringslivet som nyleg er avslutta. Kommunedirketør Christian F. Fotland og kontorsjef Andris Hamre orienterte og svarte på spørsmål.

Videomøtet blei arrangert på Teams og hadde nokre titals deltakarar frå handel og servering.

(Dei nye tiltaka gjeld i to veker, fram til måndag 23. november)

Nokre av dei skjerpa krava

Handel servering og uteliv:

  • Restaurantar må stenga seinast klokka 22. Dei som har skjenkeløyve skal avslutta skjenking klokka 21.30 (gjeld ikkje takeaway)
  • Alle frå ungdomsskulealder og opp må legitimera seg ved ankomst
  • Gjestar skal bruka munnbind der det ikkje går an å halda 1 meter avstand, for eksempel på veg til toalettet
  • 1-metersregel gjeld i butikkar, men butikkar skal ikkje sleppa inn fleire enn at det er mogleg å halda avstand på 2 meter. Fleire butikkar vil få behov for vakthald
  • Krav om munnbind for både sjåfør og passasjerar i drosje

Kultur og sosialt:

  • Maks fem personar heime. Ein familie på fem kan ikkje ha besøk, familiar som bestr av meir enn fem personar får dispensasjon til å vera saman. Det vil koma eigen rettleiar for splitta familiar over helga eller kanskje søndag
  • Arrangement på offentleg stad kan ha maks 20 gjestar innandørs. Det gjeld frå laurdag, ikkje natt til måndag, slik regjeringa varsla, noko som betyr at du for eksempel ikkje kan ha 35 gjestar til konfirmasjon i eit ungdomshus søndag. Talet på gjestar må reduserast til maks 20 (komfirmasjonsseremoniane blir likevel gjennomførte)
  • Gravferd er unntak, der kan det vera maks 50 gjestar
  • Oseana kan ikkje ha 200 gjestar lenger. Bjørn Eidsvåg i morgon og utselde Vinskvetten neste helg er blant det som blir avlyst eller utsett
  • Biblioteket låner ut bøker og tar imot leveransar, men er stengt for publikumsbesøk. Bøker må bestillast digitalt for utlån

Idrett:

  • Unge under 20 år kan framleis trena, men kampar og cupar utgår for alle, også born og unge. Handballforbundet sa stopp til kampaktivitet i går, no gjeld dette også fotball
  • Utan at det var nemt i møtet, no opplyser Sprek og Blid Os og Energi Trening at dei stenger frå i kveld til 23. november. Sjekk ditt senter for info og klokkeslett
  • Osbadet blir stengt for publikum (men organisert trening, som skulebading og svømmeklubb, held fram)

Sånn ramsar Bjørnafjorden kommune opp dei nye tiltaka frå i går og i dag.

Midtsiden kjem tilbake med meir informasjon etter formannskapsmøtet som startar klokka 17 (møtet blir ikkje sendt via kommune-TV).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.