Lokal | 24. aug. 2009

Ramponerte bilar

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. aug. 2009 11:56

Sundag formiddag fekk politiet melding om hærverk på tre til 5 bilar. Bilane sto parkert ved Os Roklubb sitt lokale i Sigurdsvika ved Ulvenvatnet.

- Bilane sto parkert av nokre som var på fest i lokalet kvelden før. No er dei ramponert, nokre av dei med knust frontrute, heilt meiningslaus, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet håpar vitne kan hjelpa dei med å finna syndarane. Os lensmannskontor når du på 56 30 39 00.

Grisekjøring i Sperrevik
Fredag i 22.30-tida fekk politiet melding om grisekjøring på Sperrevikvegen.

- 5-6 bilar, ein av dei var ein raud bil med vengje, kjørte i enorm fart, ifølgje meldar.

Politiet var opptatt, men rykte ut etter ei stund. Utan å møta fartssyndarane.

Forsøk på innbrot
Klokka 3.40 natt til laurdag fekk politiet melding om forsøk på innbrot hos Europris på Amfi Os.

- Vitne meldte frå om at ein mann med hettegensar prøvde å bryta opp ei dør på baksida. Vi rykte ut, men då hadde mannen stukke av på den same sykkelen som han kom på.

- Alle skulda på alle
Natt til sundag fekk politiet melding om slåssing utanfor ein av utestadane i sentrum.

- Vi rykte ut, men då var kampen over. Det sto ein gjeng der, men ingen var skadd og alle skulda på alle. Vi gjer ikkje meir med saka med mindre nokon kjem inn og melder det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.