Ransakingar og rusa jenter
Politirapport: To ransakingar av bustader. To tilfelle av rusa jenter i sentrum. Ein motorsyklist grisekøyrde.

Tysdag ettermiddag blei ein hektisk ettermiddag for dei tilsette på lensmannskontoret.
- I 15-tida var vi ute på ei ransaking på ein bustad i Os etter mistanke om narkotikarelaterte tilhøve, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
På bustaden fann politiet ei mindre mengde narkotiske tablettar.
- Ein mann i slutten av 30-åra blei gripen og kan vente seg ei oppfølging frå politiet.
Hjalp Bergen
I 20-tida var patrulja igjen ute på ransakingsoppdrag.
- Vi fekk ei oppmoding frå Bergen om å bistå i ransakinga av ein bustad på Os etter mistanke om at den som budde der hadde vore involvert i vinningskriminalitet i byen, seier Hadler-Olsen.
Politiet fann ikkje dei gjenstandane dei var ute etter.
Utagerande 13-åring
I tida mellom dei to ransakingane fekk politiet melding om ei 13 år gamal jente med utagerande oppførsel i Os sentrum.
- Det er mistanke om at jenta var påverka av rusmidlar.
- Patrulja kontakta foreldra som kom og tok hand om jenta, seier politiførstebetjenten.
Seinare på kvelden, i 22-tida, måtte politiet igjen kontakte føresette då dei fekk melding om tre jenter som hylte og skreik i sentrum.
- Også her er det mistanke om at dei tre i 16-18 årsalderen var påverka av rus. Dei føresette kom og tok hand om jentene også i denne saka, forklarar Hadler-Olsen.
Grisekøyrde på motorsykkel
Politiet fekk melding i 18-tida om at ein motorsyklist køyrde stygt i Søftelandsområdet.
- Vedkommande skal ha tatt fleire stygge forbikøyringar og dratt sykkelen opp på bakhjulet.
- Litt seinare kom det melding om at sykkelen kunne vera heimehørande i Hagavikområdet. Vi påtraff ikkje føraren, men vil følgje opp saken og ta ein prat med vedkommande, avsluttar politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.