Rapporterte dommaren
Det blei både slit og sirkus då Søre Neset kjempa om opprykk mot nedrykkstruga Nordnes.


Ingen blei utvist og kampen enda 2-2. Det høyres kanskje ut som eit fredeleg oppgjer, men Søre Neset sin bortekamp mot Nordnes fredag var noko utanom det vanlege.
Ørjan Håland plukka opp ein ball med nevane, medan den var i spel, og skaut den på dommaren i raseri. Men han fekk berre gult kort.
- Sånn åtferd høyrer ikkje heime i 5. divisjon, men det gjer heller ikkje dømminga som førte til denne og fleire andre reaksjonar, seier Søre Neset-trenar Morten Øvrebø.
Han seier han har refsa spelarane som gjekk over streken, men at han samstundes har stor forståing for frustrasjonen deira.
- Det var så gale at til og med publikum storma banen for å kjefta, eg har aldri vore med på liknande. Dei fleste avgjerdene var stikk motsett som venta.
- Eg snakka med dommaren og dommarsensoren etter kampen, og dei tok ingen sjølvkritikk.
Låg under 2-0
Søre Neset hamna under rett før pause og kort tid ut i andre omgang sto det 2-0. Kenneth Hufthammer reduserte då det sto eit kvarter igjen, og etter dette oppsto dei fleste stygge situasjonane.
- Vi blei snytt for to soleklare målsjansar, den eine då vi skulle hatt straffe den andre då keeper tok ballen med nevane mange meter utanfor 16-meteren.
- I tillegg blei Ørjan Håland klipt ned bakfrå på ein stygg måte, utan at det blei blåst, noko som saman med mykje rart som skjedde i forkant førte til utbrotet då han skaut ballen på dommaren.
At Lars Martin Høyvik utlikna fire minutt på overtid var positivt, men ikkje nok til at sørenesingane reiste nøgd heim frå Bergen.
Leverte rapport
Øvrebø innrømmer at Søre Neset, som dommaren, ikkje hadde ein god dag på jobb. Han seier også at den dårlege dømminga råka begge lag.
- Uansett resultat hadde eg levert rapport på denne dømminga, seier Øvrebø, som i dag var hos Hordaland fotballkrets og leverte ein fyldig kommentar til fredagens kamp.
- Vi burde fått spela kampen om igjen, så begge lag fekk kjempa om tre poeng på nytt. Men det går nok ikkje. Grunnen til at eg leverer rapport er for å bidra til at andre lag skal få sleppa å oppleva noko liknande, særleg i ein kamp der så mykje står på spel for begge lag.
Vil slå Krabbetor
Sjansane for opprykk til Søre Neset er teoretiske og svært små etter poengdeling fredag.
Fire kampar står igjen og Krabbetor leiar serien 7 poeng framfor Søre Neset.
- Vi har uansett gjort ein god sesong og vi kjem til å kjempa for kvart einaste poeng ut sesongen. Ikkje minst går vi for siger i den komande bortekampen mot serieleiaren, seier Øvrebø.
Søre Neset møter Laksevåg 2 heime, Krabbetor borte, Hetlevik heime og Minde borte i dei siste fire kampane for sesongen.
SJÅ TABELL