Rasfare i Os sentrum
Ein laus mur og frostsprenging i fjellet gjer at Os kommune har sperra av 24 parkeringsplassar ved Vognhallen.
Onsdag ettermiddag fekk Os kommune melding om at ein huseigar i Laksavegen, rett ovanfor Vognhallen og Os stasjon, hadde oppdaga at muren på eigedomen var i ferd med å rasa ut.
– Eg oppdaga at det hadde byrja å siga på parkeringsplassen utanfor huset. Då gjekk eg ned og sjekka muren, og den såg ikkje trygg ut, fortel huseigar til Midtsiden.
Også feil i fjellet
Brannvesenet, som har bistått teknisk avdeling i kommunen, sjekka både muren og fjellet nedanfor.
– Det er også spor etter frostsprening i fjellet som går langs Os stasjon og Vognhallen, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Mista mange parkeringsplassar
Dei 24 langtidsparkeringsplassane langs fjellveggen er no sperra av.
– Vi vil ikkje risikera at bilar blir skadd, men endå viktigare er det å sikra av personar ikkje ferdast i dette området, seier brannsjefen.
Skal utbetrast
Huseigar fortel at utbetring av mur vil skje snarast. Gjøsund fortel at det også er bestilt, eller er i ferd med å bli bestilt, reinsking og sikring av fjellveggen.
– Er Vognhallen eller andre bygningar i fare?
– Nei, det ser ikkje sånn ut. Men inst med fjellet blir det sperra av til sikringsarbeidet er fullført, seier Gjøsund.