Lokal | 13. mai 2011

Rask leveranse

Bryggene på plass i går: Kva er endra med bølgebrytaren, kor mange båtplassar er selt og korleis skal Os Sjøfront si hamn bli?

Rask leveranse
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. mai 2011 11:42

I førre veke fekk Alutec AS kontrakt på å levera 200 båtplassar til Os Sjøfront. Dei første skal på plass i løpet av mai, noko som kunne sjå ut til å vera knapp frist, men allereie i går kom dei første bryggene på plass innanfor den nye moloen på Mobergsneset.

– Vi har lagt ut to pirar med til saman 26 brygger, og det gjekk ganske radig. Dei to pirane er 78 og 81 meter lange og får til saman nærmare 80 båtplassar, seier Espen Aspenes frå Alutec.

Onsdag 18. mai skal bryggene forankrast skikkeleg, i slutten av mai skal utriggarane på plass.

– Vi får sjå korleis tilkomsten blir på den tida, når utriggarane skal monterast så treng vi å koma oss ut på moloen med lastebil.

Kvifor Alutec?

Aspenes seier han er glad for kontrakten med Os Sjøfront, «skulle det gått eit firma frå Møre eller Austlandet ned i Vikjo og levert marinaen så hadde eg kjent det litt i magen», seier han.

At Alutec er ei lokal verksemd er blant årsakene til at dei fekk jobben.

– Det sto mellom to, og prisen var ikkje viktigast. Å få eit firma frå Os til å levera til eit så synleg prosjekt i Os trur eg er ein stor fordel, seier Tor Inge Døsen frå Os Sjøfront.

Leveransen er verken den største Alutec har hatt eller den einaste store i år.

– Vi held også på å levera utriggarar til 80 båtplassar i betongbrygge på Askøy, seier Espen.

Høg produksjon

Dei 26 bryggene som blei lagt ut som to pirar i går blei ikkje produsert denne veka.

– Vi hadde omsetnadsrekord i fjor og opplever god vekst både innan hovudvaregruppa vår, stillas, og innan marinaanlegg. I fjor haust leigde vi inn fem ekstra sveisarar og desse har vi halde på gjennom vinteren, og produsert opp litt lagervare.

Alutec sel også til privatkundar, men båtforeiningar, offentleg verksemd og bedrifter utgjer størstedelen av kundemassen.

– Vi går ikkje ned i kvalitet og pris med brygger til private, derfor konkurrerer vi ikkje i lågare prisklasse. Men det gjekk ut 10-15 enkeltbrygger til privatpersonar i fjor og det er framleis ein del som investerer litt ekstra når dei først skal ha seg ei brygge.

200 tonn med lodd

19. februar blei ein 120 meter lang bølgebrytar lagt ut for å forlenga den 205 meter lange moloen. I mars måtte denne tauast i le for vinden etter at kuling hadde dradd den laus.

– Eg har førebels ikkje fått sikkert svar på kva som var feil, men truleg var taua for elastiske, seier Døsen.

I førre veke blei bølgebrytaren slept ut igjen på plass.

– Det var forankringa som var problemet, men no blir denne langt sterkare. Med 40 lodd, kvart av dei på 5 tonn, og 18 tonn med kjettingar i staden for tau, bør bølgebrytaren ligga meir i ro no.

Arbeidsbåten Samba skal inn igjen til Os over 17. mai for å stramma den heilt opp.

Gjestar og kjøparar

Innanfor moloen, med tilkomst frå moloen, kjem fire brygger. Den nærmast Oseana skal ha 20 båtplassar som kommunen disponerer til gjestar. Dei tre andre skal seljast, gjerne til folk som ikkje eig husvære i Os Sjøfront.

Bryggene som ligg ut frå strandpromenaden får båtplassar husvære-kjøparane kan sikra seg.

Døsen fortel at rundt 30 av dei til saman 200 båtplassane er selt. Det vil seia, dei er leigd vekk på livstid, eller for 30 år.

– Det er ingen som eig sjøen, men vi kan skriva kontrakt på bryggeplassane, forklarar han med eit lurt smil.

Dei som eig husvære i Os Sjøfront får leiga på livstid, dei andre må nøya seg med 30 år.

– Årsaka er at moloen skal skøytast over på Os kommune når den er nedbetalt, altså om 30 år. Frå då av er det kommunen som rår over desse båtplassane.

– Også promenaden utanfor sjøfronten skal vera offentleg, men vi held på eigarskapen på den ytste halvmeteren på brygga slik at vi eig brygga og båtplassane vidare framover.

Gjestebrygga inst i moloen blir ikkje lagt ut i denne runden, derfor skal halve lengda på den eine piren som blei lagt ut i går reserverast som gjestehamn denne sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.