Raskast i sesongens siste
Kor lang tid trur du Erik bruker på å gå 3000 meter?
Erik Tysse, som kvalifiserte seg til OL med glans og etterpå vann NM og nordisk meisterskap, runda onsdag av sesongen på ein distanse han enno ikkje har gått i år, 3000 meter.
Erik gjekk i mål på 11:40:9 i det som var Viking TIF sin klubbmeisterskap.
– Erik ville gå ein distanse han ikkje har konkurrert i tidlegare i år. Han stivna heilt til dei siste 1000 meterane, elles kunne han nok gått inn på under 11:30 trur søstera Kjersti Tysse Plätzer.
Ho og Erik stilte som gjestar, sidan dei ikkje er medlemmar av Viking TIF og derfor ikkje kan bli klubbmeister.
Joakim Sælen (M18-19) frå Os er Viking-medlem og kom på 2. plass medan Håvard Haukenes (M20-39) vann. Dei to gjekk inn på 12:55:2 og 12:30:7.
Tysse-familien var elles representert ved Sebastian Tysse Plätzer (7) og klassekameraten Hodr Odin Nordvoll Søfteland .
– Sebastian har deltatt i Åsaneløpet og Langedalen Opp, og det har tydelegvis gjeve meirsmak. Han bad om å bli med og Hodr Odin ville også delta. Eg minna dei på at dei ikkje har trent kappgang før "men du har ikkje trent i år du heller" var svaret eg fekk, ler Kjersti.
Dei to gutane gjekk 1000 meter på rett over 8 minutt.
Kjersti har lagt opp, men vil delta i 1-2 lokale konkurransar i året.
Kjersti gjekk som gjest 3000 meter på 15:19:8, medan Lida Jordal Aase (J 15) blei klubbmeister med tida 17:21:6.