Lokal | 20. feb. 2011

Råtass frå Drange

Dra til Sjøs 2011: Ein av dei tøffaste båtane på messa er 53 knop raske Ibiza 25 Sport Cabin frå Drange Båt.

Råtass frå Drange
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. feb. 2011 07:16

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Utstillarane på Dra til Sjøs, også dei frå Os, melder om godt sal. Jenny Drange er spent på kva osing som blir første eigar av råtassen Ibiza 25 Sport Cabin.

- Vi fekk den på plass i butikken på våren i fjor og har selt tre eksemplar. Alle blei kjøpt av bergensarar, fortel Jenny.

Båten har soveplass til to vaksne, servant og toalett og ein toppfart på over 50 knop med 300 hk påhengs. Sjølv om den har RIB-eigenskapar er den sjølvlensande. Prisen ligg på 850.000 kroner.

Bayliner tilbake

A.K. Dranges Båtservice & Co har saman med Motor-Drange fleire nye båtar å by på. Den ferske Ibiza-forhandlaren hadde med seg prototypen på Ibiza 22 bowraider, fornya versjon av Skibsplast 605 og den populære og romslege Bayliner 255.

- No har Bayliner forsyningslinjene i orden og vi er tilbake som forhandlar. Sist vi selte Bayliner, for eit par år sidan, klarte vi ikkje å skaffa mange nok 245, som no er i ny drakt med namnet 255.

Kø hos Askeladden

Båtens Beste stiller ut Askeladden saman med forhandlaren Wave Båt og Fritid frå Frekhaug. Askeladden-utstillinga ligg rett innanfor døra i det som no blir brukt som inngang.

Standen var svært folksam, og bak hekken på nye P66 Weekend var det kø for å koma om bord.

- Det går veldig bra, vi har godt sal på fleire båtar og tre Weekend er allereie selt, fortel Jonathan Dyrstad frå Båtens Beste.

Lovleg skuter

Hos Frydenbø Båt fann vi Atlantic Waverunner, ein vassjet-liknande båt med ratt og plass til påhengsmotor. Snill nok til å halda politiet unna? Ja, både i utsjånad og fart.

- Det er eit leiketøy, men det er ein båt og den har plass til tre personar på salen, fortel Frydenbø-representanten.

Litt spinkel er den likevel, med 40 hk som største motor og toppfart på 33 knop er den halvparten så rask som vassjetane som fleire hevdar er like lovlege å kjøra med, men som politiet skriv ut bøter på om dei klarar å fanga føraren.

Godt sal - også av større båtar

Hos Viknes, som har ein ruvande stand i eine kortenden av hovudhallen, fortel dei også om bra sal.

- Vi har selt fleire båtar på messa, av alle modellar, også flaggskipet 1080, som kostar drygt 3 millionar kroner. Det er betre marknad i år enn i fjor, i 2010 var det bra med publikum, men då var det mange som var nøgd med båten dei allereier hadde. No kjem fleire klar til å handla, fortel salsjef Christer Midthun.

Bestseljaren Viknes 1030 var ny for 10 år sidan. Det blir feira med oppgradert jubiluemsutgåve av båten.

- Kundane har vore med på å forma denne i innhald og utstyr. Vi har kundar som kjøper sin tredje og fjerde båt hos oss. Det ser vi på som gode teikn, seier Midthun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.