Etterforskinga viste at båten traff dette skjeret ved Raudholmane natt til 18. august 2015 (foto: KVB)

Raudholmane-ulykka henlagt

Etterforskinga etter dødsulykka på Raudholmane er avslutta. – Konklusjonen er at saken blir henlagt, fortel statsadvokat Trond Høvik.

Av: Andris Hamre

18. august i fjor sommar gjekk ein båt med tre mann i 30-åra på eit skjer rett sør for Raudholmane ved innseglinga til Os hamn. Politiet la opp ei brei etterforsking av ulykka kor ein av dei tre ombord i båten døydde som følgjer av skader han fekk i ulykka. 

Ferdig etterforska

Tidlegare i sommar var etterforskerane ved Os lensmannskontor ferdige med sitt arbeid og sendte etterforskingsmaterialet vidare til påtaleseksjonen i Vest politidistrikt.

– Den saka er ferdigbehandla hos oss og sendt over til statsadvokaten, fortel politiadvokat Elisabeth Bru, som ikkje ønskjer å komma inn på kva innstilling ho har gitt statsadvokaten. 

Alle tre hadde status som sikta

Hos statsadvokaten fortel dei at saka er ferdighandsama og sendt i retur til politiet.

– Det er ein sak om ulykke med båt med dødsfølgje, kor tre personar hadde status som sikta, forklarar statsadvokat Trond Høvik.

– Den første av siktelsene er henlagt med bakgrunn i at vedkommande døydde i ulykka. For den andre personen er saken henlagt på grunn av bevisets stilling. For den tredje mannen er saka henlagt som intet straffbart forhold bevist.

– Konklusjonen er at saka blir henlagt, seier Høvik.

Alle dei tre var norske statsborgarar, ingen av dei hadde adresse i Os.

Fleire saker