Rauk ut av lagtempo
I dag starta lagtempoen i OL. Sverre Lunde Pedersen og Noreg leia kvartfinalen, men måtte til slutt sjå seg slått av Polen.
Etter to gode løp, 5. plass på 5000 meter og 7. plass 66 hundredelar bak 1. plass på den jamne 1500-meteren, var Sverre Lunde Pedersen i dag klar for sitt siste løp i OL i Sotsji.
Saman med Håvard Holmefjord Lorentzen og Håvard Bøkko gjekk osingen i dag lagtempo, som starta med kvartfinale mot Polen, som tredje par ut.
Noreg tok leiinga, men Polen tok innpå og var framfor Noreg på dei siste rundane.
Berre Polen og Canada hadde betre tid enn Noreg. Nederland kunne cruisa inn på 3:44.48 nesten 10 sekund raskare enn Frankrike.
Resultata i kvartfinalane
Canada (3:43.60) - USA (3:46.82)
Sør-Korea (3:40.84) - Russland (3:44.22)
Polen (3:42.78) - Noreg (3:43.19)
Nederland (3:44.48) - 3:53.17)
Semifinalen går klokka 16.10 i dag (TV2 Zebra), men dei norske skøyteløparane er altså ute av leiken.
Finalen blir vist på TV2 Sportskanalen direkte frå klokka 14.50 laurdag.