Kultur | 18. okt. 2018

Rause med stjernene

Markedsundersøking syner at Det endå større Bjørnafjordmåltidet vart godt motteke.

Rause med stjernene
Det endå større Bjørnafjordmåltidet skårar godt i ei undersøking blant publikum. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 18. okt. 2018 09:51

I etterkant av Det endå større Bjørnafjordmåltidet for knappe 2 veker sidan, vart det sendt ut eit tilbod til alle registrerte billettkjøparar om å svara på ei detaljert undersøking om arrangementet.

Næringssjef i Os, Daniel Skotheim fortel at dei hadde 80 e-postadresser registrert i systemet i samband med bilettkjøp til arangementet i Oseana.

– Vi fekk veldig raskt 35 svar. Dette må eg seia er ein formidabel respons.

Mange spørsmål - mange stjerner

Undersøkinga var delt opp i to delar; arrangementsdelen nede i galleriet, kor ein kunne koma tett på leverandørane - og sjølve etegildet i storsalen i Oseana.

I tillegg kunne ein kasta terning (i denne undersøkinga gje stjerner), på alle dei ulike rettane.

– Vi skårer temmeleg likt på begge arrangementsdelane, fortel Skotheim.

– Snittet ligg på 5,3 (av 6 moglege) på begge arrangementsdelane, og på spørsmålet om kva publikum tykte om lokala, skåra vi bortimot full score. Vi ser at vi lukkast ekstra godt med målet om å la publikum få koma ekstra tett på leverandørane i første del av arrangementet, fortel Skotheim.

På spørsmål om kva publikum tykte om maten dei fekk servert i Oseanasalen, fortel Skotheim at snittet ligg høgt her òg;

– Mat er veldig indivuelt og smaksrelatert, så eg ville vera overraska om alle 270 likte det same like godt.

– Allikevel kjem alle rettane ut med eit høgt snitt.

Vert det mat i 2019?

Næringssjef Skotheim fortel vidare at alle som var med å arrangerte Det endå større Bjørnafjordmåltidet skal samlast i byrjinga av november.

– Der skal vi gå gjennom resultata frå denne undersøkinga, og vi skal dela våre eigne opplevingar og erfaringar frå prosjektet. Det er ikkje til å stikka under ein stol at det er krevjande å setja saman og gjennomføra noko i denne storleiken.

– Det er viktig at vi ikkje opplever slitasje i arrangørgruppa, eller at det er nokon som føler at dei ikkje sit att med noko etter å ha gjeve så mykje.

Skotheim fortel at det ligg til grunn ei stor mengd dugnad frå dei ulike deltakarane, og det er ein felles konsesus om at ingen skal tapa på å ta del i arrangementet. Korkje økonomisk eller via ei oppleving av det heile tek for mykje tid og energi.

– Når denne interne vurderinga av heile prosessen og avviklinga er gjennomført, vil vi byrja å sjå på om det er liv laga for ein oppfølgjar i 2019. Går vi for ein ny runde tek vi med oss alle innspel frå 2017 og 2018 i skapinga av eit nytt måltid, avsluttar Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.