Lokal | 26. nov. 2019

Reagerer på denne parkeringa

– Dette er ikkje greit, stadfestar brannsjefen.

Reagerer på denne parkeringa
På innsida sto to brannmenn og panta flasker. Det fekk innringar til å reagera. (Lesarbilde: Nina Grøhn)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. nov. 2019 11:51

Nina Grøhn, som sjølv har ei dotter med handikap, reagerte då ho såg ein bil frå Os brannvesen stå parkert på handikap-plass ved inngangsdøra til Kiwi Moberg.

På innsida av butikken sto to brannmenn og panta flasker.

– Eg hadde ikkje bruk for plassen sjølv akkurat denne dagen, men ser så mykje misbruk av handikap-parkering at då brannvesenet sto der, tydelegvis utan at dei var på utrykking, så måtte eg nesten spørja kvifor dei sto der.

– Dei svarte at dei var i teneste, og at dei derfor hadde lov å stå der. Det forundrar meg. Eg har sett andre med blålys handla lunsj før, men eg har aldri sett ein politibil eller ambulanse stå på handikap-parkering utan at dei er på utrykking.

Brannsjef Eivind Hovden, som er på ferie, seier til Midtsiden at dette sjølvsagt ikkje er greit.

– Vi skal ikkje bruka handikap-parkering, anten vi er i teneste eller ikkje, med mindre det er utrykking og behov for å stå der.

– Dette er gutar i god fysisk form, som fint kan bera ein sekk med tomflasker nokre meter. Eg skal ta ein prat med mannskapen når eg kjem heim, sånn at dette blir tydeleg for alle.

Eit vanleg problem blant sivile

Nina seier at ho nærmast dagleg ser sivilie bilar parkera på handikap-plass utan løyve.

– Om eg snakkar til nokon, sjølv om eg er mild og varsam i tonen, får eg nesten alltid eit uhøfleg svar. Dei veit sikkert at det ikkje er greit, men det er verkeleg ubehageleg å konfrontera folk.

Det er spesielt på kjøpesenter som AMFI Os og Lagunen at ho ser folk tar seg til rette og parkerer på dei romslege plassane nærmast inngangsdøra.

Le eller grina?

Det mest overraskande og nesten komiske ho har sett var då ho tipsa ein vakt på Lagunen om ein bil som sto feil.

– Folk får sjeldan parkeringsbot på kjøpesenter, har eg inntrykk av, men her tok i det minste vakten affære og las opp bilnummeret over høgttalaranlegget. Men bileigar kom berre ut og banka på handikap-skiltet så det snudde seg. Dermed såg det ut som om bilen på motståande plass sto feilparkert. Han flytta ikkje sin eigen bil!

Sjølv sat Nina på uterestauranten på Egon som vitne, svært overraska over metoden til den løysingsorienterte syndaren.

– No går vi mot julehandel og meir kamp om parkeringsplassane. Eg håper folk tar omsyn til oss som har stor bil og behov for å heisa ut ein rullestol. Det er ikkje enkelt for oss å stå andre stadar enn på desse som er tilpassa oss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.