Redda av kameratar
– Eg svelgte minst fem dungar med vatn, seier Fartein Rimstad, som ramla på sjøen laurdag.


Laurdag, dagen før han skulle feira 9-årsdagen sin, var Fartein Kofoed Rimstad ved sjøen for å leita etter katten sin.
– Eg gjekk berget der borte då eg glei og ramla i sjøen, fortel Fartein til TV2 Nyhetene, som har vore med ned i Kuvågen der uhellet skjedde.
Kameratane var ute av synet, men heldigvis reagerte dei på at Fartein hadde vore lenge vekke.
Dei kom til og fann Fartein i sjøen, ropande om hjelp. Den eine av dei roa han ned og fekk han til å halda seg fast i tanga, den andre ropte på ein båt som var i nærleiken.
Fartein kom seg opp, men i farten fekk dei ikkje namnet på hjelparane i båten. Far til Fartein, Torodd Rimstad, vil takka både dei flinke klassekameratane og dei som kom til i båt.
Via TV2 etterlyser han namnet på hjelparane som kom til i båt.
(Katten er funnen, den var heime bak senga).