Redda av langskot
Eit langskot av Stian Hjertholm redda eitt poeng til Os i serieopninga i dag.


Herrelaget starta sesongen med heimekamp mot Åsane i dag. Gjestane tok leiinga, men med god innsats klarte det unge Os-laget å henga seg på.
To kjappe Åsane-mål før pause gjorde at gjestane leia 10-14 då 2. omgang starta. Men osingane var fast bestemte på at dette kunne dei klara. Halvvegs ut i omgangen var dei ajour, men poenget blei redda av eit fantastisk langskot 3 sekund før slutt.
Ove Lyssand sentra til Stian Hjertholm, som igjen sendte eit knallhardt skot frå eigen banehalvdel, via ein Åsane-forsvarar og i mål. Kampen enda 25-25.
Les meir om kampen på osturn.no/handball
Os sitt lag (mål i parentes): Einar Godø, Simen Waage (2), Jørgen Wold (3), Joakim Blostrupmoen (2), Erik Vågen, Ove Lyssand (5), Øystein Vindenes (3), Kristian Bruarøy (3), Charles Witheley, Stian Hjertholm (5), Kenneth Hausberg (1), Fredrik Andresen (1).