Redda etter brann
Brannvesenet rykte torsdag kveld ut til båtbrann i Bjørnefjorden.


Torsdag i 22.30-tida reiste Os brannvesen ut i Bjørnefjorden grunna båtbrann.
- Vi fekk melding om at eigar hadde sløkt brannen sjølv, men hadde med sløkkeutstyr i tilfelle det skulle bli behov, seier brannsjef Stein Gjøsund til midtsiden.no.
Vel framme, omtrent midt mellom Bjørnatrynet og Vernøyane på Tysnes, møtte dei den rundt 30 for store turbåten.
- Eigaren hadde fått kone og ungar om bord i ein gummibåt han hadde med, og brannen var sløkt, seier Gjøsund.
Ei redningsskøyte kom til for å slepa havaristen til land. Brannvesenet tok hand om familien om bord, og kjørte dei trygt heim i ein av brannmannskapet sine bilar.
Ingen blei skadd i brannen, og årsaka er førebels ikkje kjent.