Lokal | 29. mai 2018

Redda mann ut av røykfull leilegheit

Tørrkoking i Os sentrum kunne fått alvorleg utfall.

Redda mann ut av røykfull leilegheit
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. mai 2018 07:24

I 2.40-tida natt til tysdag fekk brannvesenet melding om mogleg brann i eit leilegheitsbygg i Os sentrum.

– Det er alarmanlegg i bygget og det var naboar som meldte ifrå, fortel Anne Kjersti Storebø, vakthavande ved Os brann- og redningsteneste.

Det var éin person i leilegheita. Eit røykdykkarlag tok seg inn og fekk berga mannen ut.

– Mannen blei tatt med til legevakt for sjekk. Han framsto som rusa og var lite samarbeidsvillig, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Tørrkokinga hadde ikkje utvikla seg til brann, men politiet har oppretta sak etter tørrkokinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.