Redda poeng i tøff serieopning

Dobbel strafferedning av Kasper S. Færøvik blei avgjerande då Os 2 i kveld målte krefter i 4. divisjon. 

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag starta Os 2 serien med heimekamp mot Frøya. Os 2 rykte opp i haust, Frøya spelte mot A-laget til Os i fjor, og landa på 4. plass i avdelinga.

– Vi rekna med god motstand, og det fekk vi, men eg synest vi klarte oss bra, spesielt i banespelet, seier trenar Martin Røttingen Eidsvik.

– Sjølv om vi samla sett dominerte banespelet, var det nok Frøya som skapte flest store sjansar. Vi har skapt mykje og skåra mykje i treningskampane i vinter, men i dag var motstandar godt organisert og kjempa hardt, synest han.

Os 2 - Frøya 0-0 (0-0)
Os: Kapser Sandven Færøvik - Kristoffer Røttingen, Divaldo Cardoso, Trym Fløysand Hjørnevik, Ludvig Egge Drange - Knut Jordal, Adrian Kallekleiv Valle, Niklas Lunde Fosen, Tobias Nøss - Erlend Sørås Storebø og Vegar Solstrand Ludvigsen.
Innbytarar med speletid: Vegard Storum Hjelle, Kerem Duvarci og Marius Een Lyssand.

Motstandarlaget blir i år leia av tidlegare Os-trenar Tore Nielsen, og gjestane sette Os under press frå start.

Dei avslutta i stolpen i opningsminutta og fekk straffe etter rundt 30 minutt.

– Eg såg at han stirra i eine sida, og rekna med at han prøvde å finta meg, så eg slengte meg motsett veg, fortel Kasper, som redda, men gav retur.

Returen førte til nytt stolpeskot, som gjekk i tverrligger og ned. Så kom nytt skot, frå rundt 5 meter, som Kasper redda. Returen fekk Cardoso klarert.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kasper Færøvik redning Os 2-Frøya 2019 from Midtsiden on Vimeo.

Fleire comeback

Os 2 står utan tap etter tre målrike treningskampar. Først slo dei Øystese 9-2, så blei det 2-2 i ein sterk kamp mot Bergen Nord, som tapte KM-finalen mot Os sitt A-lag i haust, før generalprøven mot Osterøy, som endte 4-4.

– Vi har hatt ein god treningsvinter, og eg gler meg spesielt over fleire comeback, som Vegar Ludvigsen, Adrian Valle og Dibaldo Cardoso, og over å sjå kor god form Erlend Sørås Storebø har kome i.

– Det er ein del år sidan han satsa, men eg spelte litt med han på Søfteland og synest han har mange gode kvalitetar. Då eg tok kontakt takka han heldigvis ja, og eg trur ikkje han har vore i betre form enn det han er no, seier Eidsvik.

Os 2 sin neste kamp er borte mot Varegg, som rykte ned frå 3. divisjon i fjor, og som A-laget til Os i mars slo 2-0 i ein noko svak treningskamp.

Terminliste og tabell (fotball.no)

Fleire saker

  • Det vart høne i år òg ...

    19. april 2019

    Trass i lite snø vart det påskehøne - for niande året på rad - for familien Holdhus/ Vevle.

  • Påskeprat med Tove

    19. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Tove Tvedt Skarstein.

  • Maritas verd

    19. april 2019

    Marita Moe Sandven vart saman med Ole Amund Gjersvik headhunta til å spela under Festillene i Bergen - det er berre eitt av fleire prosjekt ho...

  • Undersøkte ulykkesstaden i natt

    19. april 2019

    Statens vegvesen og krimteknisk kopla inn grunna alvorlegheitsgraden av MC-ulykka i Industrivegen.

  • MC-ulykke i Industrivegen

    18. april 2019

    OPPDATERT: Motorsyklist henta av luftambulanse - skal ha køyrt inn i lyktestolpe.

  • Påskeprat med Eirik

    18. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Eirik Søfteland

  • Møkka tok straumen til 700

    18. april 2019

    Ein uheldig bonde på Bø kortslutta straumnettet - brannvesenet rykte ut og tok seg av vaskinga.

  • 700 utan straum i Os

    18. april 2019

    OPPDATERT: Klokka 12.30: Straumen tilbake for dei fleste - 57 kundar framleis utan straum. BKK melder om «driftsforstyrrelse»