Redningsdykkarar frå Os rykte i ettermiddag ut til Fusa. (Ill. foto: KVB)
Redningsdykkarar frå Os rykte i ettermiddag ut til Fusa. (Ill. foto: KVB)

Redningsdykkarar rykte ut til Fusa

Søkte på badeplass etter funn av klede (oppdatert).

Kjetil Vasby Bruarøy
29. juni 2019 - 16:12

Klokka 15.45 laurdag rykte Os brannvesen ut retning Hatvik.

– Vi sender redningsdykkarar til Fusa grunna mogleg drukning, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Nødetatane i Fusa rykte ut til ein badeplass ved kyrkja klokka 15.04 etter funn av klede, men ingen personar.

Det pågår no søk på land og langs vatn fram til dykkarane frå Os er på plass.

OPPDATERT kl 16.30:

– Vi har med oss to dykkarar og ein dykkarassistent, og har no dykkarar i sjøen, fortel Monsen.

Brannvesenet i Os assisterer Fusa, som leiar operasjonen. Det er òg to dykkarar frå Bergen brannvesen på veg.

Politi og helse er òg på staden. Luftambulansen skal ha vore opptatt i anna oppdrag.

OPPDATERT: Søket er avslutta. Eigar av klede var i god behald - på land.

Les meir om

Lokal Brann og redning