Lokal | 27. feb. 2017

Reduserer takstsoner og innfører mobilbillett

Frå neste år kan du nytta mobilen som billett når du skal ta bussen til byen.

Reduserer takstsoner og innfører mobilbillett
Frå neste år kan du nytta appen Skyss Billett om du skal ta bussen frå Os til Bergen
Andris Hamremandag 27. feb. 2017 13:47

I løpet av 2018 kan Hordaland får redusert talet på takstsoner frå dagens 470 til sju. Fylkesutvalet gjekk forrige veke inn for innføring av ny sonestruktur frå 2018.

– Fylkesutvalet gjekk inn for at Skyss skal starte arbeidet med å førebu innføring av ny sonestruktur. Ei innføring av sju takstsoner vil gjere det mogleg å tilby appen Skyss Billett i heile fylket slik at reisande ikkje treng kontantar når dei skal reise kollektivt, heiter det i ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Dagens løysing for komplisert

Dagens 470 takstsoner gjer det komplisert både for kundar og tilsette.

– Sonestrukturen i Hordaland utanom sone Bergen er i dag basert på avstandstakst, der ein betaler meir jo lengre ein reiser. Slik situasjonen er i dag er strukturen i sonene utanfor Bergen komplisert både for kundar og tilsette, og modellen er lite framtidsretta med tanke på innføring av nye salskanalar som mobilbillett, heiter det i meldinga.

Os blir ein del av Bergen

I framlegget til dei nye sonene har ein utvida Sone Bergen til å inkludere heile Sotra, Askøy, Øygarden, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim, Os og vestsida av Trengereidfjorden.

– Taktssystemet vert framleis avstandsbasert, slik at ein betaler meir jo lengre ein reiser. Gjennom å utvide sone Bergen hindrar ein at de store reisestrømmane som pendlar inn og ut av sone Bergen vil oppleve ei prisauke. Samstundes vert til dømes Sunnhordlandsregionen ei sone, slik at kollektivreisande innanfor regionen både vil få det billigare og merkbart enklare, noko som vil stimulere til auka kollektivbruk, heiter det i saksutgreiinga til fylkesutvalet.

Fylkesutvalet gjekk inn for at fylkestinget skal kome attende til finansiering av tiltaket i budsjettet for 2018.

Fylkestinget i mars skal endeleg behandle sak om ny sonestruktur i Hordaland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.