Lokal | 15. mars 2017

Reduserer truleg Osfest-tilskot

Osfest har søkt om 500 000 kroner, som dei fekk i fjor, i tilskot frå kommunen. Kultursjefen innstiller på 200 000.

Reduserer truleg Osfest-tilskot
Kultursjefen innstiller på at Osfest skal få 200 000 kroner i kommunal støtte i 2017 (foto frå fjorårets festival: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. mars 2017 13:05

I fjor sikra ordførar Terje Søviknes Osfest eit tilskot på 500 000 kroner med si dobbeltstemme. Eit vedtak som MDG med støttespelarar krevde lovlegkontroll av, og som fylkesmannen etter si handsaming konkluderte med var lovleg og at lova ikkje er til hinder for at det var ordføraren som førebudde saka.

Innstiller på 200 000

Dei foregåande åra hadde festivalen to år på rad fått 300 000 kroner i kommunal støtte. Også i år har festivalen, som blir arrangert 11. og 12. august, søkt kommunen om bidrag tilsvarande det dei fekk i fjor.

– Det er søkt om kr 500 000,-. Satt inn i en kontekst av kor mykje kommunale tilskot Os kommune gjev til lag og organisasjonar innan kultur, er dette eit stort beløp. KUP midlar og kulturmidlar skal ha fokus på barn og unge. I 2016 fekk 16 søkjarar til KUP-midlar ialt kr 383 000,-. (søknadar til idrett unntatt). Til kor og korps var det avsett kr 153 000,- i kulturmidlar.

– Kultursjefen er glad for alle tilskot som vert gjeven til kunstnarleg utfalding, da dette er aktivitetar som også skapar glede og oppleving for dei som er mottakarar.

– Osfest er også ein slik hending som mange gler seg over, og som Os kommune bør stetta. Tilskotet bør spegla dei andre løyvingar som blir gjeven. Det vert derfor innstilt på kr 200 000,- som tilskot til Osfest 2017, skriv kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen i si utgreiing til formannskapet. Ho stiller seg samstundes kritisk til eit tilskot til festivalen vert innarbeidd som eit fast tilskot i økonomiplanen slik festivalleiinga ønskjer.

– Skulle berre mangla

Nils-Anders Nøttseter (MDG) som fremja kravet om lovlegkontroll i fjor er glad for at det no er kultursjefen som har sakshandsama saka.

– Det skulle berre mangle om ikkje kultursjefen var involvert i vurderinga av støtte til det største enkeltarrangementet i bygda på kulturfronten. Slik det har blitt handsama tidlegare, så har det vore ei samrører og ikkje ei ryddig forvaltning, seier Nøttseter som ikkje lar seg imponera av søknaden frå Osfest.

– Heller ikkje i år har dei lagt ved eit utkast til rekneskap for 2016, noko eg påpeika at eg sakna også då vi handsama søknaden i fjor. Diverre har ikkje vi klart å vera like ryddige som Bergen kommune på dette. Der krev dei revidert rekneskap på all støtte over 100 000 kroner.

– No har ikkje vi handsama saka på gruppemøte enno, men eg blir umiddelbart skeptisk når ein arrangør ikkje leverer regnskap på tidlegare mottatt støtte. Dette føles ikkje veldig ryddig, og eg er i tvil om vi kjem til å støtta søknaden.

– Greit utspel frå kultursjefen

Heller ikkje Frp, som tidlegare år har vore ein forkjempar for støtte til festivalen har tatt stilling til søknaden enno.

– Vi har ikkje drøfta det i gruppa enno, så det må vi komma tilbake til. Reint personleg ser eg at utspelet frå kultursjefen er eit greit utspel, men vi må ta det i partigruppa, kommenterar varaordførar Laila Marie Reiertsen (Frp).

Tek det til etterretning

Festivalsjef Tor Egil Hylland ønskjer ikkje å kommentera den pågåande behandlinga.

– Vi tek til etterretning den innstillinga kultursjefen kjem med. Vi har levert det vi meiner er ein ærleg søknad og sagt kva vi meiner i den.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.