Sport | 05. juni 2015

Redusert kapasitet - auka påmelding

Os Fotball legg opp til konkurransar og show mellom kampane i Bendit Cup i helga. Dei må klara seg med to banar, men har heile 142 påmeldte lag.

Redusert kapasitet - auka påmelding
Frå cupen i 2012, då den heitte Bjørnefjorden Cup. I år må arrangørane klara seg med berre to banar. Vêrmelding for Os innfelt. (Foto: KVB/Pent.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. juni 2015 14:36

Laurdag og søndag blir barnefotballturneringa Bendit Cup arrangert på Kuventræ. 142 lag med til saman oppunder 1500 fotballspelarar i barneskulealder er påmeldt.

– Eg trur dette er rekord.Vi har bra med lag i alle alderstrinn og vi ser at det aukar på med jentespelarar.

– Vi har mange deltakarar frå både Os og Bergen. Til og med den gamle heimbygda mi Strandebarm stiller opp, fortel Endre Brenne frå Os Fotball.

Frå 3 til 2 banar

Os kommune held på å bygga ny bane på Kuventræ og Os Fotball må klara seg med berre to banar.

– I fjor gjekk vi ned frå éin til to speledagar, etter ønskje frå fleire lag som ikkje ville bruka begge dagane i helga på kamp.

– I år har vi måtta redusera frå 4 til 3 kampar per lag, og utvida speletida så vi startar klokka 9 og held fram til klokka 18 begge dagar.

Show og konkurransar

Brenne fortel også om nokre nye aktivitetar under cupen.

– Vi lager til eit triksehjørne der spelarane kan koma og visa kva dei er gode for, så noterer vi resultat og kåra vinnarar i ulike klassar.

To gongar per dag kjem Sondre Ødegaard Aksnes, som driv med freestyle-fotball, og held trikseshow.

Les òg: På triksecamp i Os (med video)

– Dei som vil prøva seg i konkurranse utan ball kan springa gjennom ei hinderløype vi har laga til.

– No ser det ut som om vêret blir litt betre enn kva som først var meldt, så vi trur det blir ei veldig kjekk helg på Kuventræ, seier Endre Brenne.

A-laget er på bortekamp laurdag, men Hassan El Fakiri blir å treffa på Kuventræ under premieutdelinga søndag.

Kampoppsettet finn du på osturn.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.