Redusert trafikkflyt på Hatvikvegen

Politi og lege stenger køyrefelt retning Hatvik.

Politi og lege rykte ut, men det er ikkje trafikkulykke på staden. – Vi bistår helse, stadfestar Christine Grindstein (bildet). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. sep. 2021 14:35

Frå 14.30-tida har det vore redusert flyt i trafikken på Hatvikvegen nær Os sentrum, retning Hatvik.

Politi og legevakt har rykt ut, og bilane blokkerte det eine køyrefeltet.

Den kvite volvoen såg ut til å vera politi i sivil. (Foto: KVB)

Politiet ser ut til å bistå lege med ein pasient på fortauet.

– Vi er på eit helseoppdrag, stadfestar politioverbetjent Christine Grindstein.

Oppdatert: Bilane blei flytta og vegen opna klokka 14.40. Men fleire utrykkingar, blant anna av ambulanse, kan ha påverka trafikken også etter dette. Også luftambulanse har kome til området, utan at vi veit sikkert om det er knytt til same aksjon.

Det skal ikkje vera eit trafikkuhell, men ein person som får hjelp på fortauet. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.