Lokal | 09. okt. 2009

Refleksar på veg

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. okt. 2009 11:28

Ein bilist frå Os fortel i ein epost til Midtsiden.no om stygg kjøring og mange utan refleks. Mannen etterlyser tiltak, og foreslår blant anna haldningskampanje.

- Blant faste tiltak vi i politiet er involverte i, er kampanje mot russen om våren og ved skulane rundt skulestart i august. Men også no når den mørke årstida har starta skjer det tiltak, fortel politibetjent Kjartan Snorrason, trafikkansvarleg ved Os lensmannskontor.

Den årlege reflekskampanjen, der alle barneskulane i fylket er inviterte til å konkurrera om å teikna motiv på årets refleks, endar med utdeling av refleks til alle førsteklassingane i Hordaland.

- Når desse blir delte ut blir alle elevane minna på å bruka refleks, og skulane plar gjera ein eigen innsats for å auka bruken av refleksbrikker eller vestar, seier Snorrason.

Slutt på muntleg åtvaring
Medan refleksane blir delte ut rettar politiet fokus på lysbruk.

- Her i Os har vi dessverre problem med mykje feil bruk av lys, spesielt bruk av kurvelys når det er mørkt. Lyset er skarpt og kan blenda møtande trafikk, samstundes som det berre lyser nær bilen, så førarane av bil med feil lys ikkje får den merksemda dei skal framover i synsfeltet.

Til no har det ofte blitt gjeve muntlege pålegg om endra lysbruk under trafikkontrollar, men no skal syndarane straffast.

- Det blir fleire kontrollar og dyrt å ikkje ha lysa slik dei skal vera, årvarar politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.