Lokal | 04. apr. 2017

– Registrer hjartestartarane

Helseminister Bent Høie (H) ber alle som har hjartestartar om å registrera den på 113.no. Her kan du sjå oversikta over dei som er i Os.

– Registrer hjartestartarane
Helseminister Bent Høie, her saman med ordførar Marie Bruarøy på beredskapssenteret på Moberg, ber alle med hjartestartar registrera den på 113.no (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 04. apr. 2017 07:43

I fjor starta eit nasjonalt arbeid med å registrera hjartestartarar i eit felles register, slik at dei som sit på AMK raskt kan henvisa til næraste hjartestartar om nokon får akutt hjartestans.

Mange av hjartestartarane er framleis ikkje registert i det nasjonale registeret på nettsida 113.no. Difor ber helseministeren no om ein dugnadsinnsats.

– Det er veldig flott at mange har investert i ein hjartestartar. Den kan redda fleire liv om ein registrerar den på nettsida 113.no.

Her kan du registrera hjartestartaren

– Det må alle gjera slik at dei som sitter på 113 kan fortelje dei som ringer inn at rett rundt svingen no, der er det ein hjartestartar, seier helseminister Bent Høie (H) til TV2.

Dobler sjansen for å overleva

Årled døyr omlag 2500 nordmenn av akutt hjartestans. Sjansen for å overleva blir dobla om nokon umiddelbart startar opp hjarte- og lungeredning eller har ein hjartestartar tilgjengeleg.

Omlag 16% av dei som får akutt hjartestans i Noreg blir redda, til samanlikning blir 32% redda i Danmark, som i fleire år har hatt eit nasjonalt register til bruk for naudetatane.

Her finn du hjartestartarane i Os

Midtsiden har tidlegare år laga (og oppdatert) ei liste over hjartestartarar I Os. Hjelp oss å halde den oppdatert (fram til det offentlege registerert er ajour. I dag er berre to av desse registrert i det nasjonale registeret)

Veit du om fleire enn dei som står nedanfor, eller er nokon av dei fjerna/flytta? Tips oss på epost.

Abo Plan & Arkitektur
Apotek 1 Flåten
AMFI Os
Askeladden
Bolaks avd Lønningsdal (UTANDØRS 24t)
Bjørnefjorden Golfklubb
Er-An Veikro
Fløysand Tak AS
Gamleheimshagen
Hodneland Bygginnredning AS
Kløvertun/Sanitetshuset
Kongshaug Musikkgymnas
Kysthospitalet i Hagavik
Legekontor (fleire)
Libris Osøyro, Os torg (UTANDØRS 24t)
LHL Os
Lunde barneskule
Luranetunet
Lysekloster il (innandørs)
Lysekloster il (UTANDØRS 24t)
Monter Os/Os Byggsenter
MS Fox Fighter
MS Hargun
MS Molly
MS Røttingøy
MS Samba
Museet Lysøen
Nore Neset Aktivitetshus
Nore Neset il (UTANDØRS 24t)
Os brannvesen, på to av bilene
Os Gymnas
Os og Samnanger legevakt
Os Manuellterapi & Fysioterapi
Os Pensjonistsenter (tidl. Os eldresenter)
Os Rådhus
Os Skyttarlag
Os Taxi (DØGNOPE)
Os Turn (klubbhuset, Kuventræ)
Os Turn (UTANDØRS 24t)
Os vgs
Osbadet
Oseana
Oselvarverkstaden
Osbuss, i seks av bussane
Røde Kors Huset i Kolskogheiane
SalmoBreed Lønningdal
Sprek og Blid Os
Søfteland barneskule, gymsalen
Søfteland turn- og idrettslag (UTANDØRS 24t)
Søre Neset il (klubbhus, Bjørnen)
Søre Neset il (UTANDØRS 24t)
Privatmegleren
Ravneberghaugen rehabiliteringssenter
Rema 1000 Kuven Stasjon
Rema 1000 Os
Ulven leir
Ulvenparken, Palfinger (tidlegare NDM)
Vedholmen Landhandel (Bunnpris/Søre Øyane)
Øyglimt (UTANDØRS 24t)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.